Søvnapné eller svevnapné er ei søvnforstyrring der andedrettet stoppar ei tid eller er redusert medan ein søv.
Kvar stopp kan vara i nokre sekund til fleire minutt og skje fleire gonger kvar natt. I dei vanlegaste tilfellene følgjer dette høg snorking.
Søvnapné | |||
Obstructive sleep apnea | |||
Klassifikasjonar og ressursar | |||
---|---|---|---|
ICD-9-kode: | 327.23, 780.57 | ||
ICD-10-kode: | G47.3,P28.3 | ||
MedlinePlus | 000811 Mal:MedlinePlus2 | ||
eMedicine | ped/2114 | ||
MeSH | D012891 | ||
MeSH | D012891 |
Søvnapne kan finna stad anten på grunn av obstruksjon (blokkering) av øvre luftvegar (obstruktiv søvnapné), på grunn av nevrologiske faktorar (sentral søvnapné) eller på grunn av ei blanding av desse to typane (blanda søvnapné).
Sidan det forstyrrar vanleg søvn, kan søvnapné føra til at dei som lid av det er trøytte eller søvnige om dagen. Barn med lidinga kan ha problem på skulen eller hyperaktivitet.
This article uses material from the Wikipedia Nynorsk article Søvnapné, which is released under the Creative Commons Attribution-ShareAlike 3.0 license ("CC BY-SA 3.0"); additional terms may apply (view authors). Teksten er tilgjengeleg under CC BY-SA 4.0 om ikkje anna er oppgjeve. Images, videos and audio are available under their respective licenses.
®Wikipedia is a registered trademark of the Wiki Foundation, Inc. Wiki Nynorsk (DUHOCTRUNGQUOC.VN) is an independent company and has no affiliation with Wiki Foundation.