Ragnel Rose-Marie Huuva (fødd 13.
juli">13. juli 1943 i Gabna sameby i Jukkasjärvi) er ein svensk samisk forfattar, biletkunstnar og duodjiutøvar.
Rose-Marie Huuva | |
Statsborgarskap | Sverige |
Fødd | 13. juli 1943 (80 år) Jukkasjärvi församling |
Yrke | lyrikar, skribent, tekstilkunstnar |
Rose-Marie Huuva på Commons |
Ho har utgjeve tekstar sidan 1981, men debuterte i 1999 med diktsamlinga Galbma rádná (Kall kamrat), som skildrar kreftsjukdom. Med den boka vart ho den samiske kandidaten til Nordisk råds litteraturpris i 2001. Dikta i Ii mihkkege leat (2006) skildrar kjensla av at den samiske kulturarven svinn eller vert endra, og òg spørsmål om aldring og sjukdom.
Som biletkunstnar deltok ho saman med sju andre i utstillinga Sámi Stories: Art and Identity of an Arctic People på Scanidnavian House i New York 2014.
Ho fekk kulturstipendiet Rubus arcticus frå Norrbottens läns landting i 2003.
This article uses material from the Wikipedia Nynorsk article Rose-Marie Huuva, which is released under the Creative Commons Attribution-ShareAlike 3.0 license ("CC BY-SA 3.0"); additional terms may apply (view authors). Teksten er tilgjengeleg under CC BY-SA 4.0 om ikkje anna er oppgjeve. Images, videos and audio are available under their respective licenses.
®Wikipedia is a registered trademark of the Wiki Foundation, Inc. Wiki Nynorsk (DUHOCTRUNGQUOC.VN) is an independent company and has no affiliation with Wiki Foundation.