Familien flytta til London i 1955 og Glover fekk interesse for musikk. I 1961 byrja han å spele bass og danna eit band kalla The Madisons. The Madisons vart seinare til bandet Episode Six, som gav ut fleire singlar.
Glover vart henta til det britiske hard rock-bandet Deep Purple saman med Episode Six-vokalistIan Gillan i 1969. Han forlét bandet i 1973. I 1974 vart han plateprodusent på heiltid, og produserte plater for blant andre Nazareth, Elf, David Coverdale, Status Quo og Judas Priest. Han gav òg ut soloalbumet The Butterfly Ball.
I 1978 gav Glover ut albumet Elements, men i 1979 vart han invitert med i bandet Rainbow av Ritchie Blackmore. Dei gav ut fleire plater før Glover gav ut sitt tredje soloalbum, Mask i 1984.
Same år vart Deep Purple gjenforeint og Glover er framleis bassist i bandet. Saman med Ian Gillan gav Glover ut albumet Accidentally On Purpose i 1988.
Roger Glovers fjerde soloalbum, Snapshot, kom ut i 2002 og hans femte og hittil siste soloplate If Life Was Easy vart utgjeven i 2011.
This article uses material from the Wikipedia Nynorsk article Roger Glover, which is released under the Creative Commons Attribution-ShareAlike 3.0 license ("CC BY-SA 3.0"); additional terms may apply (view authors). Teksten er tilgjengeleg under CC BY-SA 4.0 om ikkje anna er oppgjeve. Images, videos and audio are available under their respective licenses. ®Wikipedia is a registered trademark of the Wiki Foundation, Inc. Wiki Nynorsk (DUHOCTRUNGQUOC.VN) is an independent company and has no affiliation with Wiki Foundation.