Robert John Lynn (31.
januar">31. januar 1873–5. august 1945) var ein nordirsk journalist og redaktør og dessutan framståande politikar for Ulster Unionist Party som vart vald til både underhuset i Westminster og underhuset i Belfast-parlamentet. Lynn var og medlem i Orangeordenen. Lynn vart teken opp i riddarstanden i 1924.
Han gifta seg med Florence Emily Moss i Belfast 20. oktober 1896.
Robert John Lynn var journalist i Northern Whig frå 1903, og seinare vart han både redaktør (1913-1928) og administrerande direktør. Perioden hans i den regionale medieeliten fall saman med perioden då han var på toppen av si politiske karriere.
Rett etter påskeopprøret i Dublin i 1916 skreiv han brev til general John Maxwell, på brevpapiret til Northern Whig, der han sterkt frårådde at den britiske hæren skulle avvæpna Ulster Volunteer Force. I brevet argumenterte han med at avvæpning ville vera ein fåre for den offentlege ro og orden og at det ville verta rekna som eit foræderi.
Lynn var vald både til underhuset i London og til underhuset i Belfast. Til Westminster var han vald som representant for Ulster Unionist Party frå valkrinsen Woodvale i Belfast i 1918, seinare frå Vest-Belfast i 1922. Han sat i dette parlamentet til 1929. Samstundes var han vald frå valkrinsen Belfast Central (1921-1929) og Nord-Antrim (1929-1945) til underhuset i regionalparlamentet - Northern Ireland House of Commons (Stormont). I 1945 vart han attvald til Stormont berre kort tid føre han døydde.
Lynn hadde tradisjonelle unionistfordomar mot allt som kunne smaka irsk-nasjonalt: Lynn was not altogether open-minded or tactful in matters involving the cultural patterns of the Roman Catholics. Mellom anna meinte han at det ikkje burde brukast offentlege midlar på skuleopplæring i irsk språk i Nord-Irland. Det er og hevda at Robert John Lynn deltok i overvaking og sosial kontroll av katolikkar tilsette i offentlege stillingar og offentlege tenestemenn som var gidt med katolikkar, og at Lynn, saman med kabinettsektrær Charles Blackmore var ærendsgutar for Orangeordenen på dette området. I det nye Belfastparlamentet i 1921 gjekk Lynn so langt at han delte folkesetnaden i Irland i to slik: There are two peoples in Ireland, one industrious, law-abiding and God-fearing, and the other slothful, murderous and disloyal.
This article uses material from the Wikipedia Nynorsk article Robert John Lynn, which is released under the Creative Commons Attribution-ShareAlike 3.0 license ("CC BY-SA 3.0"); additional terms may apply (view authors). Teksten er tilgjengeleg under CC BY-SA 4.0 om ikkje anna er oppgjeve. Images, videos and audio are available under their respective licenses.
®Wikipedia is a registered trademark of the Wiki Foundation, Inc. Wiki Nynorsk (DUHOCTRUNGQUOC.VN) is an independent company and has no affiliation with Wiki Foundation.