Romulus og Remus er eit tvillingpar og grunnleggjarane av Roma i romersk mytologi.
Namnet Romulus tyder 'romar'.
Romulus og tvillingbroren Remus var søner av guden Mars og Rhea Silvia, som var dotter av Numitor, den avsette kongen i Alba Longa. Tronrøvaren Amulius, broren til Numitor, fekk Rhea Silvia fengsla og gutane kasta i elva. Dei blei redda av ein ho-ulv, som gav dei mjølk. Deretter blei dei fostra opp av gjetaren Faustulus og kona hans.
Etter at dei voks opp gav dei Numitor makta tilbake i Alba Longa og grunnla byen Roma. Under ei usemje blei Remus drepen. Deretter blei Romulus den første kongen av Roma.
This article uses material from the Wikipedia Nynorsk article Romulus og Remus, which is released under the Creative Commons Attribution-ShareAlike 3.0 license ("CC BY-SA 3.0"); additional terms may apply (view authors). Teksten er tilgjengeleg under CC BY-SA 4.0 om ikkje anna er oppgjeve. Images, videos and audio are available under their respective licenses.
®Wikipedia is a registered trademark of the Wiki Foundation, Inc. Wiki Nynorsk (DUHOCTRUNGQUOC.VN) is an independent company and has no affiliation with Wiki Foundation.