Rainerhorn er eit 3 359 meter over havet høgt fjell i Venediger-massivet i Hohe Tauern i Alpane, i Salzburg i Austerrike.
Fjelltoppen er den nest høgste i massivet, og den mest augekjende toppen i breområdet Hohes Gletscherdach.
Rainerhorn | |||
fjell | |||
Rainerhorn, sett frå sør | |||
Land | Austerrike | ||
---|---|---|---|
Fjellkjede | Hohe Tauern | ||
Høgd | 3 559 moh. | ||
Primærfaktor | 153 m | ||
Førstestiging | 1859 | ||
Koordinatar | 47°1′38″N 12°12′16″E / 47.02722°N 12.20444°E | ||
Rainerhorn 47°06′03″N 12°21′51″E / 47.100843°N 12.364142°E | |||
Wiki Commons: Rainerhorn | |||
Rainerhorn vart vitja fyrste gongen den 10. august 1859 av dei austerrikske kartografane Franz Keil og Ignaz Wagl, som gav fjellet namn etter erkehertugen Rainer av Austerrike. Dei to vart leidde til topps av fjellførarane Bartlmä Steiner og Balthasar Ploner. Rudolf Spannangel og fjellførarane J. Unterwurzacher og J. Ensmann vart i 1892 dei fyrste som tok turen til topps om vinteren.
Rainerhorn er enkel å nå frå fjellhuset Defreggerhaus og eit ynda utsiktspunkt.
This article uses material from the Wikipedia Nynorsk article Rainerhorn, which is released under the Creative Commons Attribution-ShareAlike 3.0 license ("CC BY-SA 3.0"); additional terms may apply (view authors). Teksten er tilgjengeleg under CC BY-SA 4.0 om ikkje anna er oppgjeve. Images, videos and audio are available under their respective licenses.
®Wikipedia is a registered trademark of the Wiki Foundation, Inc. Wiki Nynorsk (DUHOCTRUNGQUOC.VN) is an independent company and has no affiliation with Wiki Foundation.