Quincy D.
Watts (fødd 19. juni 1970) er ein USA-amerikansk tidlegare friidrettsutøvar frå Detroit som vart olympisk meister på 400 meter i 1992, og dessutan vann gullmedaljar med USA i 4 x 400 m stafett i OL 1992 og VM 1993.
Quincy Watts | |
Statsborgarskap | USA |
Fødd | 19. juni 1970 (53 år) Detroit |
Idrett | friidrett |
Tok del i |
Watts var til 1990 aktiv på 100 og 200 meter, på råd frå trenaren satsa han deretter på 400 m. I 1991 fekk han plass i VM-troppa til USA og sprang den andre etappen under verdsmeisterskapen i Tokyo, der han fekk sølvmedalje i 4 x 400 m stafett, fattige 0,04 sekund bakom Storbritannia.
Året etter sletta Watts i Barcelona den 24 år gamle olympiske rekorden på 400 m i semifinalane. Tida 43,71 sekundar vart ikkje ståande rekord til lengre enn i finalen, då han sjølv forbetra den til 43,50 og vann ein suveren siger framfor tittelforsvararen Steve Lewis. Watts tok OL-gull også i 4 x 400 m stafett, saman med lagkameratane Andrew Valmon, Michael Johnson og Steve Lewis. Samstundes sette dei verdsrekord i øvinga med tida 2.55,7 og forbetra USA sin gamle rekord frå 1968 med 0,4 sekund.
I 1993 vart Watts fjerdemann på 400 meter då friidretts-VM fann stad i Stuttgart. På den lange stafetten var han med på ein historisk prestasjon då USA sitt mannskap; Andrew Valmon, Watts, Butch Reynolds og Michael Johnson, den 22. august forbetra verdsrekorden til 2.54,29 og vann med over 5,5 sekundar til gode på nummer to i tevlinga. Rekorden står framleis ved lag i 2017.
Etter 1993 makta ikkje Watts å kome under 45,0 på 400 meter og han la opp i 1997.
This article uses material from the Wikipedia Nynorsk article Quincy Watts, which is released under the Creative Commons Attribution-ShareAlike 3.0 license ("CC BY-SA 3.0"); additional terms may apply (view authors). Teksten er tilgjengeleg under CC BY-SA 4.0 om ikkje anna er oppgjeve. Images, videos and audio are available under their respective licenses.
®Wikipedia is a registered trademark of the Wiki Foundation, Inc. Wiki Nynorsk (DUHOCTRUNGQUOC.VN) is an independent company and has no affiliation with Wiki Foundation.