Péter Lékó (fødd 8.
september">8. september 1979 Subotica i Jugoslavia) er ein ungarsk sjakkspelar. Han var eit sjakk-vedunderbarn og blei Stormeister i sjakk i 1994, berre 14 år gamal. Han var den yngste som hadde oppnådd denne tittelen då. På Verdssjakkforbundet FIDE si ratingliste over dei høgast rata spelarane i verda ligg han på ein 10-plass pr 1. juli 2008 med ein rating på 2741.
Péter Lékó | |
Statsborgarskap | Ungarn |
Fødd | 8. september 1979 (44 år) Subotica |
Yrke | sjakkspelar |
Péter Lékó på Commons |
I september - oktober 2004 spelte Lékó tvikamp om den såkalla klassiske verdsmeisterskapen i sjakk mot verdsmeisteren Vladimir Kramnik, Russland, i Brissago i Sveits. Kampen gjekk over 14 parti, og etter 13 parti leia Péter Lékó med 7-6. Men Kramnik vann det siste partiet, sluttresultatet vart uavgjort 7-7, og Kramnik kunne behalde tittelen etter dei reglane som var sett opp for tvikampen.
This article uses material from the Wikipedia Nynorsk article Péter Lékó, which is released under the Creative Commons Attribution-ShareAlike 3.0 license ("CC BY-SA 3.0"); additional terms may apply (view authors). Teksten er tilgjengeleg under CC BY-SA 4.0 om ikkje anna er oppgjeve. Images, videos and audio are available under their respective licenses.
®Wikipedia is a registered trademark of the Wiki Foundation, Inc. Wiki Nynorsk (DUHOCTRUNGQUOC.VN) is an independent company and has no affiliation with Wiki Foundation.