Potetkake

Potetkake kan visa til ulike potetrettar forma som kaker.

Det kan til dømes vera flate brød eller kaker laga med kokt potet i deigen, eller potetpannekaker av rivne poteter eller ulike typar omelett med potet.

Potetkake
Aloo paratha, indisk potetkake.
Foto: Sankarshan Mukhopadhyay
Potetkake
Irwins potato cakes, nordirske potetkaker.
Potetkake
Draniki, ukrainske potetkaker.

Potetkaker i ulike tradisjonar

I Noreg kan «potetkake» vera eit anna namn for lompe, men kan også visa til fleire typer steikte kaker av potet. Dei kan brukast som tilbehøyr til hovudrettar som fisk eller saltmat eller som hovudrett med fyll som smør, ost, rømme, sukker eller anna. I tidlegare tider var potetkaker mykje etne til kvardags.

I Sverige er ei pannesteikt potetkake av riven potet, mjøl og mjølk kjend som raggmunk og rekna som landskapsrett i Östergötland. Dei kan etast med tyttebærsyltetøy og bacon. Ein variant steikt i langpanne er kjend som lufsa på Öland og råriven pannkaka i Småland.

Liknande rettar er mellom anna kjende i ulike mattradisjonar som tysk Kartoffelpuffer, jødiske latkes, russisk, kviterussisk og ukrainsk draniki, ungarsk tócsni, bulgarsk patatnik eller patetnik, som kan lagast med lauk og urter som mynte eller sar, og tsjekkisk bramborák eller cmunda, som kan lagast med kvitlauk, merian og karve. Draniki er ein kviterussisk nasjonalrett. Den sveitsiske nasjonalretten rösti eller röschti er kjenneteikna av at han ikkje inneheld egg eller mjøl.

I Australia og sentrale England er frityrsteikte potetkaker vanlege i fish and chips-sjapper. Dei er kjende som scallops, potato scallops, potato cakes, potato fritter eller potato pie. Små kaker laga av malne, rivne eller hakka poteter er kjende som hash browns i Storbritannia og Nord-Amerika. Flate, takkesteikte potetkaker er kjende som potato scones eller tattie scones i Skottland, fadge eller farls på Irland eller Lancashire potato cakes i England. Desse kan serverast til frukost eller som ein smårett, og kan serverast saman med margarin, kvitlaukssmør, ketchup, baked beans eller eggerøre. I Irland finst potetkake (potato cake, potato bread eller spid bread) laga av potetstappe og mjøl eller bakepulver og boxty, poundy eller potato bread laga av finriven rå potet.

Spansk tortilla de patatas er ein omelett laga med potet. Denne typen potetkake er også kjend i Italia som ei form for frittata.

Indisk aloo paratha er eit flatt brød laga ved å kjevla ut parathadeig med kokt potet inni.

Kjelder

Bakgrunnsstoff

Tags:

KakeOmelettPotetPotetpannekake

🔥 Trending searches on Wiki Nynorsk:

Peter Wessel TordenskjoldAbdusamet YigitHendingsrandGalatásWiki CommonsLeirskiferNodulHistorieEngavågenEliteserien i handball 1975/76–KvinnerTrykkGuangdongPotetDanmarksplassHektogramNorske dialektarFanafjelletAmalie SkramAxel JensenSogn og Fjordane fylkeRusslandNazismeChampions LeagueJonsereds Fabrikers ABVaksineNordfjordeidSinnataggenRune GerhardsenMyndig alderIslam«Tirpitz» i ÅsenfjordenEreksjonDen etiopiske kalenderenQ.E.D.SkigardsviseTidssoneLærdalstunnelenDet tysk-romerske riketURLParisVoss heradHundMagnus BørmarkOlav V av NoregAlbert GleizesunescoSneppål28. aprilHærfuglOstemasseSlaget i Hafrsfjord600NíkeaISBNFoúrniCarles PuigdemontEinar GerhardsenPórosElse HagenGeir GulliksenStreptokokkhalsinfeksjonStorfuglOgooué-IvindoPolenVanadinittKapp VerdeTeltBerlinblokadenFrozenBuskerud fylkeSverigeFurieScrabble🡆 More