Phong Nha-Ke Bang (vietnamesisk Vườn quốc gia Phong Nha-Kẻ Bàng) er ein nasjonalpark i Vietnam.
Parken vernar ein av dei to største karstregionane i verda med ei rekkje grotter. I 2003 vart han ført opp på UNESCO si verdsarvliste.
Området inneheld mange holer og grotter, men berre 20 av 70 km av dei er kartlagt enno av vietnamesiske og britiske vitskapsfolk. Av desse er 17 i Phong Nha-området og tre i Kẻ Bàng-området.
Parken har teke namnet sitt frå Phong Nha-hola, den vakraste av alle holene med sine mange fascinerande bergformasjonar, og Kẻ Bàng-skogen.
Platået er truleg eit av dei beste og mest karakteristiske eksempla på komplekse karst-landskap i Søraust-Asia.
This article uses material from the Wikipedia Nynorsk article Phong Nha-Ke Bang, which is released under the Creative Commons Attribution-ShareAlike 3.0 license ("CC BY-SA 3.0"); additional terms may apply (view authors). Teksten er tilgjengeleg under CC BY-SA 4.0 om ikkje anna er oppgjeve. Images, videos and audio are available under their respective licenses.
®Wikipedia is a registered trademark of the Wiki Foundation, Inc. Wiki Nynorsk (DUHOCTRUNGQUOC.VN) is an independent company and has no affiliation with Wiki Foundation.