Petter Smart (originalt namn Gyro Gearloose) er ein figur som inngår i Andeby-univeriset, som vi finn i Walt Disneys Donald Duck & Co.
Petter Smart er oppfinnar.
Petter Smart dukka første gong opp i ei Carl Barks-forteljing, Gladstone's Terrible Secret (norsk Antons hemmelighet) i mai 1952. Han var hovudpersonen i fire sider lange tilleggshistorier i Barks sine Uncle Scrooge-utgjevingar frå blad nummer 13 (mars 1956) og fram til nummer 41 (mars 1963).
Figuren hadde opphavleg namnet Goggen Skrueløs i norske Donald-blad, som han først opptredde i i 1953. Frå 1954 blei han kalla Petter Smart.
Med hjelp av ei tenkehette spekulerer han seg fram til fantastiske, men oftast ubrukelege oppfinningar. Han blir assistert av ein sjølvkonsturert assistent, «Lille hjeper».
This article uses material from the Wikipedia Nynorsk article Petter Smart, which is released under the Creative Commons Attribution-ShareAlike 3.0 license ("CC BY-SA 3.0"); additional terms may apply (view authors). Teksten er tilgjengeleg under CC BY-SA 4.0 om ikkje anna er oppgjeve. Images, videos and audio are available under their respective licenses.
®Wikipedia is a registered trademark of the Wiki Foundation, Inc. Wiki Nynorsk (DUHOCTRUNGQUOC.VN) is an independent company and has no affiliation with Wiki Foundation.