Carl Barks (27.
mars 1901–25. august 2000) var ein vidgjeten amerikansk teikneserieskapar. Han skreiv og teikna mest historier om Donald Duck, og laga mellom anna Andeby, Skrue McDuck og B-gjengen. I Noreg var Barks i mange år berre kjend som den gode teiknaren.
Carl Barks | |
Statsborgarskap | USA |
Fødd | 27. mars 1901 Merrill |
Død | 25. august 2000 (99 år) |
Yrke | skodespelar, skribent, kunstmålar, bonde, journalist, storyboard-artist, illustratør, teikneserieteiknar, tegneserieforfatter, animatør, teikneserieskapar, storyboardtegner |
Religion | ateisme |
Ektefelle | Garé Barks |
Carl Barks på Commons |
Barks var fødd i Oregon. Foreldra var gardbrukarar, og familien flytta mykje rundt i Statane for å søkja lukka. Kanskje på grunn av dette, eller fordi høyrsla tok til å svikta, vart Carl eit einsamt barn og brukte lang tid på å fullføra skolegangen. Som vaksen tok han fleire jobbar, men i 1935 vart han tilsett i Disney Studios der han kom til å gjera ein god karriere.
Ein kan seia at Carl Barks er den som gav Donald og dei andre endene i Andeby sjel. Han gav dei i alle høve personlegdomar og bakgrunnar. Donald har mange av eigenskapane til teiknaren, mellom anna er han ein sinnatagg som stadig skifter mellom dårleg betalte jobbar. Barks lét òg endene reisa ut i verda og gjorde seg flid med å få detaljane til å stemma.
This article uses material from the Wikipedia Nynorsk article Carl Barks, which is released under the Creative Commons Attribution-ShareAlike 3.0 license ("CC BY-SA 3.0"); additional terms may apply (view authors). Teksten er tilgjengeleg under CC BY-SA 4.0 om ikkje anna er oppgjeve. Images, videos and audio are available under their respective licenses.
®Wikipedia is a registered trademark of the Wiki Foundation, Inc. Wiki Nynorsk (DUHOCTRUNGQUOC.VN) is an independent company and has no affiliation with Wiki Foundation.