Peter Fredrik Holst Hjort (23.
mars">23. mars 1924–1. januar 2011) var ein norsk lækjar og professor i medisin frå Oslo. «Han var en norsk og internasjonal pioner innen utforskningen av helsetjenestens mål, midler, metoder, kvalitet og dynamikk.»
Peter Fredrik Hjort | |||
Fødd | 23. mars 1924 Oslo | ||
---|---|---|---|
Død | 1. januar 2011 Bærum kommune | ||
Nasjonalitet | Noreg | ||
Område | hematologi, geriatri | ||
Yrke | professor, lege | ||
Institusjonar | Universitetet i Oslo Universitetet i Tromsø – Noregs arktiske universitet Folkehelseinstituttet | ||
Alma mater | Universitetet i Oslo | ||
Medlem | Det Norske Videnskaps-Akademi |
Hjort vart cand.med. i 1950 og dr.med. 1957. Som spesialist i indremedisin vart han i 1959 tilsett på Ullevål sykehus i Oslo. Han var 1960-69 dosent i hematologi ved Universitetet i Oslo, frå 1969 professor.
I tida 1968-71 var Hjort med på å leggje tilrette for medisinstudia ved Universitetet i Tromsø. 1972-73 var han den fyrste rektoren for Universitetet i Tromsø. Han trekte seg frå posisjonen etter usemje med studentane. Men han heldt fram i professoratet til han pensjonerte seg.
Perioden 1976-94 var Hjort leiar av gruppa for helseteneste-forsking ved Noregs allmennvitskaplege forskingsråd og for samfunnsmedisin ved Folkehelseinstituttet. I fleire år var han formann i Nasjonalforeningen for Folkehelsen sitt eldreråd.
This article uses material from the Wikipedia Nynorsk article Peter Fredrik Hjort, which is released under the Creative Commons Attribution-ShareAlike 3.0 license ("CC BY-SA 3.0"); additional terms may apply (view authors). Teksten er tilgjengeleg under CC BY-SA 4.0 om ikkje anna er oppgjeve. Images, videos and audio are available under their respective licenses.
®Wikipedia is a registered trademark of the Wiki Foundation, Inc. Wiki Nynorsk (DUHOCTRUNGQUOC.VN) is an independent company and has no affiliation with Wiki Foundation.