Pachelbels kanon, òg kjent som Kanon i D-dur, eller det meir fullstendige namnet Kanon og gigue i D-dur for tre fiolinar og Basso Continuo er eit kjent musikkstykke av Johann Pachelbel, komponert i 1680-åra og er ein representant for barokken.
Det er eit kammermusikk-stykke som opphavleg vart skriven for tre fiolinar og basso continuo, men er seinare òg arrangert for større oppsetjingar.
PWC 37, T. 337, PC 358 Kanon av Johann Pachelbel | |||
Periode | Barokken | ||
---|---|---|---|
Komponert | 1680 | ||
Publiseringsdato | 1919 | ||
Typisk lengd | 5:57 | ||
Toneart | D-dur |
Musikkstykket er bygd over ein grunnleggende akkordprogresjon som vert repetert.
Lenge var Pachelbel berre enno ein ein gong populær komponist som var gått i gløymeboka. Verket vart første gong publisert i 1919, men det var først då Rudolf Baumgartner og Lucerne Festival Strings valde å spele inn eit verk dei kalla Pachelbel's Canon for Erato i Frankrike i midten av 1960-åra at verket byrja å verte kjend Innspelinga vart ikkje rekna som god nok for utgjeving i USA, bortsett frå av Musical Heritage Society. Innspelinga vart ein bestseljar for MHS og vart høyrd av Robert Redford, som valde å nytte stykket i filmen sin Ordinary People (1980). Kort tid etter vart Pachelbels kanon eit av dei mest populære klassiske musikkstykka nokon gong.. Etter Baumgartner si innspeling vart det gjort mange arrangementet av verket der det mellom anna vart moderert til det tredje av det opphavleg tempoet eller strykeseksjonen vart utvida med ein faktor på ti. Kanonen har vorte arrangert for blåsekvintett av the Canadian Brass, for fløyte av James Galway og for fløyte og stemme av Galway og Cleo Laine, for strykekvartett av George Rochberg, for strykekvartett som glans på «Earth Angel» av Hampton String Quartet, for synthesizer av Tomita som noko kalla «Canon of the Three Stars», samt hundrevis av andre arrangement for alle tenkelege instrument.
I dagens populærmusikk kan ein finne element frå denne komposisjonen i mange verk, mellom anna i desse:
This article uses material from the Wikipedia Nynorsk article Pachelbels kanon, which is released under the Creative Commons Attribution-ShareAlike 3.0 license ("CC BY-SA 3.0"); additional terms may apply (view authors). Teksten er tilgjengeleg under CC BY-SA 4.0 om ikkje anna er oppgjeve. Images, videos and audio are available under their respective licenses.
®Wikipedia is a registered trademark of the Wiki Foundation, Inc. Wiki Nynorsk (DUHOCTRUNGQUOC.VN) is an independent company and has no affiliation with Wiki Foundation.