Osmantyrkisk (osmantyrkisk لسان عثمانی, lisân-ı Osmânî) var det offisielle språket i Det osmanske riket og var ein variant av tyrkisk.
Osmantyrkisk | ||
Klassifisering: | Tyrkisk Sørtyrkisk Osmantyrkisk | |
Bruk | ||
Utdøydd: | 1928 | |
Språkkodar | ||
ISO 639-2: | ota | |
ISO 639-3: | ota |
Det inneheldt ein god del låneord frå både persisk og arabisk, og som eit resultat av dette var språket ofte uforståeleg for dei utan utdanning.
Språket blei skrive med ei form av det persiske alfabetet (arabisk skrift). Då Det osmanske riket var på sitt mektigaste blei det brukt fleire framandord enn opphavleg tyrkiske ord i språket, og arabisk eller persiske ord utgjorde rundt 88 % av ordforrådet.
Tyrkarar utan utdanning, frå lågare samfunnslag og på landsbyga, heldt fram med å bruka kaba Türkçe ('rå/vulgærtyrkisk', som i vulgærlatin), som hadde mykje færre framande lånord, og er utgangspunktet for moderne tyrkisk. I reformtida tanzimât byrja ein ta i bruk nemninga «ottoman» eller «osman» om språket.
This article uses material from the Wikipedia Nynorsk article Osmantyrkisk, which is released under the Creative Commons Attribution-ShareAlike 3.0 license ("CC BY-SA 3.0"); additional terms may apply (view authors). Teksten er tilgjengeleg under CC BY-SA 4.0 om ikkje anna er oppgjeve. Images, videos and audio are available under their respective licenses.
®Wikipedia is a registered trademark of the Wiki Foundation, Inc. Wiki Nynorsk (DUHOCTRUNGQUOC.VN) is an independent company and has no affiliation with Wiki Foundation.