Opiat (av «opium» og «-at», 'produkt') er ei felles nemning på ulike legemiddel som er framstilt frå opiumsvalmuen.
Stoff som allereie finst i safta til opiumsvalmuen - morfin, kodein, tebain, noskapin og papaverin - er rekna som naturlege opiat. Stoff som er danna frå desse i laboratorium, som heroin, etylmorfin, oksykodon og buprenorfin, er semisyntetiske opiat.
Opiat har vore brukt i fleire tusen år innan folkemedisin for å lindre smerte, i religiøse samanhengar og som rusmiddel. I dag kan ein framstilla alle dei naturlege opiata syntetisk, utan bruk av valmuar. «Opiat» er dermed rekna som eit avleggs omgrep innan medisinen, og i staden bruker ein nemninga «opioid».
This article uses material from the Wikipedia Nynorsk article Opiat, which is released under the Creative Commons Attribution-ShareAlike 3.0 license ("CC BY-SA 3.0"); additional terms may apply (view authors). Teksten er tilgjengeleg under CC BY-SA 4.0 om ikkje anna er oppgjeve. Images, videos and audio are available under their respective licenses.
®Wikipedia is a registered trademark of the Wiki Foundation, Inc. Wiki Nynorsk (DUHOCTRUNGQUOC.VN) is an independent company and has no affiliation with Wiki Foundation.