Oktoberflaumen I 2014

Oktoberflaumen i 2014 var ein flaum i Noreg som vart forårsaka av eit langvarig regnvêr i oktober som kulminerte i svært store nedbørsmengder i slutten av månaden, kombinert med snøsmelting i fjellet.

Dei største flaumskadane skjedde mellom 28. og 29. oktober, og det var Hordaland og Sogn og Fjordane som vart hardast ramma, spesielt i Odda, Lærdal, Aurland og Voss kommune. Mellom anna vart fem hus i tettstaden Odda og tre hus i Flåm tekne av elva og det kom store skadar på vegnettet. Fleire hundre måtte evakuerast anten fordi det var fare for liv og helse eller fordi husa deira vart isolerte av vassmengdene. Berre i Aurland kommune var til saman 252 personar evakuerte den 29. oktober. Tal frå forsikringsselskapa viser at flaumen gjorde skade for over 400 millionar kroner. Trass i det store skadeomfanget var det ingen menneskeliv som gjekk tapt; hydrolog Inger Karin Engen ved Noregs vassdrags- og energidirektorat (NVE) karakteriserte det som eit under at det ikkje blei skadar på liv og helse under flaumen. Engen sa også at «Dette har vore ein flaum som er himmelhøgt over noko vi tidlegare har registrert. Det er heilt ekstremt.» Flaumen har likevel ikkje blitt gjeve noko personnamn slik mange ekstremvêr av denne dimensjonen får.

Oktoberflaumen I 2014
Flåmselvi i juni 2008.

Vêrsituasjonen og nedbørsmengder

Vêret dei siste vekene av oktober var prega av ein kraftig jetstraum som gjekk i bane frå Karibia mot Skandinavia, og førte med seg ei rekkje kraftige, milde og våte lågtrykk rett inn mot Vestlandet. Sidan varmare luft kan halda på meir fukt enn kaldare luft, var den milde lufta medverkande til dei store nedbørsmengdene som kom. Det regna godt i heile oktober, og vassmettinga i bakken var derfor alt stor då dei enorme nedbørsmengdene som skapte flaumen kom. Over ein periode på tre dagar var det mange stader på Vestlandet som fekk over 200 mm nedbør, og våtast av alle var Opstveit i Kvinnherad som fekk 332,2 mm. Dette var likevel berre den åttande høgaste tredagarsmålinga som er gjort, og sist gong det regna meir i landet var i januar 2006 då Åfjord i Trøndelag fekk 345,9 mm nedbør på tre dagar. Rekorden for tredagarsnedbør høyrer til Indre Matre, som er like i nærleiken av Opstveit, og er på 402,4 mm, målt den 27. november 1940.

Stad Kommune Fylke Nedbør (mm)
Opstveit Kvinnherad Hordaland 332,2
Eikemo Etne Hordaland 304,5
Kvam Kvam Hordaland 300,2
Kritle Etne Hordaland 261,3
Haukeland Masfjorden Hordaland 250,0
Kvamskogen Kvam Hordaland 249,4
Jordalen Voss Hordaland 247,8
Hundseid i Vikedal Vindafjord Rogaland 246,4
Takle Gulen Sogn og Fjordane 229,8
Modalen Modalen Hordaland 227,8
Øvre Krossdalen Jondal Hordaland 226,8
Hovlandsdal Fjaler Sogn og Fjordane 219,5
Suldalsvatn Suldal Rogaland 208,8
Røldalsfjellet Odda Hordaland 202,9

Flaumvarsel, straumbrot og stengde reisevegar

Allereie laurdag 25. oktober varsla NVE om storflaum den komande tysdagen. Måndag den 27. oktober var det nihundre husstandar i Sotra og Øygarden som var utan straum, blant anna på grunn av at det kraftige regnvêret skapte problem på straumnettet. Same dagen sende både NVE og Vêrvarslinga på Vestlandet ut OBS-varsel om flaum og jordskredfare for Hordaland og Sogn og Fjordane, det vart meldt 110–130 mm på dei mest utsette stadene. Det vart venta mest nedbør i indre og midtre strok. Flaumvarselet var oransje fleire stader, slik som i Aurland, men mellom anna for Voss vart det oppgradert til raudt, det høgaste nivået.

I Sogn og Fjordane var minst ni fylkesvegstrekningar stengde den 28. oktober, anten på grunn av store vassmengder eller på grunn av ras og rasfare. Det var også vanskeleg å gjera oppryddingsarbeid sidan det var venta kraftig nedbør. Også Riksveg 5 mellom Førde og Florø var lenge stengd på grunn av ras. Utover dagen vart både Bergensbana og Flåmsbana stengde og over 30 vegar overfløymde, inkludert E16. Bergensbana måtte halda stengt ut veka på grunn av flaumskader, og opna att fyrst den 3. november.

Flaumen den 28.-29. oktober

Aurland

Oktoberflaumen I 2014 
Flåmselvi i mai 2014.

Om kvelden den 28. oktober bad ordføraren i Aurland kommune, Noralv Distad, innbyggjarane i Flåm om å evakuera til Fretheim hotell, av di Flåmselvi fløymde over. NVE sin målestasjon i Flåmsdalen målte då elvestraumen til 120 kubikk (120 000 liter) vatn i sekundet. Det vart lagt opp sandsekker for å halda vatnet unna. Fleire vegar i området hadde då vorte stengde, også Flåmsbana vart stengd, og det førte til at både Flåm og den vesle bygda Undredal vart heilt isolerte. Ei gruppe japanske turistar måtte evakuerast ut frå eit tog på Flåmsbana. I Undredal vart bilvegen vaska vekk av elvevatn og brua til Flåm skule vart teken av elva. Seinare på kvelden tok ein til å aktivt evakuera innbyggjarane i Flåm, mellom anna ved hjelp av redningshelikopter. 143 menneske vart evakuerte til bygda Aurland før evakueringa vart avslutta natt til 29. oktober. Tre hus i Flåm vart tekne av elva. På nettsidene til kommunen vart alle som kjende seg utrygge oppfordra til å evakuera til Fretheim hotell, og om det ikkje er mogleg å reisa til naboar eller høgareliggjande område. Flåmsbrygga hotel vart også evakuert. Til saman var 252 personar evakuerte i Aurland onsdag den 29. oktober. Onsdagen måtte ein også evakuera 17 personar som budde på gardane Ryo og Indrelid i Flåmsdalen, med redningshelikopter. Gardane var vortne isolerte av flaumen. Ingen av dei evakuerte i kommunen fekk lov til å flytta heim att før torsdag 30. oktober.

Ein av dei som miste huset sitt i Flåmsdalen, var ein eldre mann som var ute for å flytta bilen sin då huset hans brått blei teke av elva. Ei gruppe på fjorten personar i Flåmsdalen valde å flykta oppover mot eit platå i fjellet medan dei venta på å bli evakuerte med helikopter. Ei dame i gruppa fortalde at då ho såg to av nabohusa sine bli tekne av flaumen, torde ho ikkje å bli verande lengre. Ein lokal mann køyrde folk oppover frå husa deira mot fjellet natt til den 29., og kommenterte: «Det blir spanande å sjå om huset mitt står i morgon!» I Flåm var vasstanden på veg ned att den 29. oktober.

Voss

Tysdag 28. oktober fekk elva Vosso den største vassføringa nokon gong sidan målingane begynte i 1892. Vassføringa ut av Vangsvatnet låg på mellom 770 og 780 kubikkmeter i sekundet. Ein kunne snart konstatera at det blei 200-årsflaum på Voss. Langebrua i sentrum vart stengd av di ein frykta ho ville kollapsa av vassmengdene, medan Tintabrua, ei gangbru over Vosso, vart teken av flaumen. Politiet rådde folk til ikkje å ferdast inn eller ut av Voss tysdagskvelden. Elektrisiteten forsvann i eit område frå Palmafossen til Evanger. Heile fyrste etasjen i det fire år gamle Voss kulturhus blei fylt med vatn og gjorde store skadar. Vatnet rann også inn i redaksjonen til Avisa Hordaland, som jobba med å dekkja nyheiter om flaumen. Voss ungdomsskule ved Vangsvatnet måtte halda stengt 29. oktober då vatnet flaut inn på skuleplassen og rundt skulebygningane. Nortura sin fabrikk på Evanger vart stengd tysdagen fordi vatnet stod ein meter høgt inne i fabrikklokalet. Fabrikken måtte kasta store mengder kjøtprodukt, mellom anna fem tonn pinnekjøt. Då Erna Solberg seinare vitja dei flaumråka kommunane, sa ho at skadane på Voss var annleis enn i dei andre råka kommunane av di elva der seig utover og ikkje fekk den farten og krafta som til dømes Flåmselvi og Opo fekk.

Lærdal

Oktoberflaumen I 2014 
Lærdalsøyri i 2012.

Då flaumen kom til Lærdal var det berre ni månader sidan Lærdalsbrannen hadde herja og totalskadd over 40 hus. Lærdalselvi og fleire sideelvar fløymde over breiddene sine. Over 30 personar måtte evakuerast der den 28. oktober. Dei vart plasserte på Ljøsne skule, same evakueringsstaden som vart brukt under brannen. Ordførar Jan Geir Solheim var sjølv med på evakueringa. Det rann om lag 100 kubikk vatn i Lærdalselvi per sekund tysdagskvelden. Straumen og mobilnettet gjekk i store delar av kommunen tysdagskvelden, men ein del fekk att straumen. 23 av 31 evakuerte i Lærdal fekk flytta heim att i løpet av onsdagen.

Odda

Dei 16 pasientane på Odda sjukehus vart evakuerte til sjukeheimen i nærleiken den 28. oktober rundt kl. 19.30. Grunnen var at det blei fare for eksplosjon då elva Opo rann innunder ein oksygentank.

Same kvelden vart dei 75 innbyggjarane i 39 ulike bygg ved Opo, evakuerte. I løpet av natta til 29. oktober forsvann fem bustadhus i elvestraumen. Fleire garasjar, uthus og ein rutebuss vart også tekne av elva. I tillegg hadde elva grave seg inn under grunnmuren til fleire andre hus, slik at dei ikkje stod til å redda og måtte rivast. Både folk frå sivilforsvaret og tilsette i kommunen arbeidde med flaumen i Odda den natta. Det vart også oppretta eit kriseteam for å ta seg av dei huslause.

Leiaren for sivilforsvaret, Knut Granheim, var ein av dei som var på jobb heile natta til 29. oktober. Han hadde vore med på å redda 68 menneske ut av husa deira. Granheim måtte sjølv sjå sitt eige bustadhus bli teke av flaumen kl. 04.50. Då hadde to av nabohusa hans allereie gått i elva.

Ei bru som går over Opo, kollapsa i flaumen. Bustadområdet Hjøllo i Odda vart isolert på grunn av dette.

Flaumen andre stader i Sogn og Fjordane

I Gaular i Sunnfjord rann elva Gaula over breiddene sine. Sør for Sognefjorden, i Instefjord i Gulen vart 30 arbeidarar evakuerte heim fordi elva som renn rett forbi lakseslakteriet der, truga med å grava seg inn under grunnen på anlegget. Delar av Førde sentrum stod under vatn den 28. oktober på grunn av flaum i elva Jølstra. Lensmannen der åtvara innbyggjarane om å nærma seg elvane i kommunen. Stardalen i Jølster vart isolert på grunn av høg vasstand i bilvegen. I Årdal valde ein å evakuera femten hus som vart truga av elva Utla. I Stryn vart vassverket i Innvik skadd, noko som førte til at mellom anna sjukeheimen der fekk kutta vassforsyninga si. Oldedalen og Lodalen vart isolerte. Campingplassen Reed camping i Gloppen stod under vatn den 29. oktober. Bygda Fresvik, aust i Vik kommune fekk vassverket sitt øydelagt av flaumen. I tillegg var innbyggjarane der framleis utan telefonsamband fredag 31. oktober.

Flaumen andre stader i Hordaland og Rogaland

I Bergen vart sivilforsvaret kalla ut for å hjelpa brannvesenet i arbeidet mot vassmassane. Der blei mellom anna eit kjøpesenter og to bensinstasjonar overfløymde i tillegg til mange private huskjellarar. I Steinsdalen ved Norheimsund vart eit hus teke av jordras. Den eldre kvinna som budde der, hadde allereie blitt evakuert søndagen føre. I Kinsarvik i Ullensvang herad fossa elva Kinso inn i lokala til Hardanger bestikk.

Bygda Sauda i Rogaland vart isolert i fleire timar den 28. oktober av di Svandalsfossen stengde fylkesveg 520 samtidig som vatnet fløymde over den same vegen mellom Sauda og Hellandsbygd.

Politikarbesøk

Olje- og energiminister Tord Lien reiste på synfaring til både Odda og Lærdal den 30. oktober og skrytte mellom anna over den lokale innsatsen i Odda. Statsminister Erna Solberg lova at dei flaumråka kommunane skulle få pengestønad raskt. Ho vitja alle dei fire kommunane Odda, Voss, Aurland og Lærdal i løpet av fyrste november. Ein trudde ei stund at turen til Sogn måtte avlysast grunna dårleg flyvêr, men Solberg valde då å ta bil for å sjå både Aurland og Lærdal den 1. november.

Gjenoppbygging og sikring

Både i Odda og på Voss jobba frivillige på dugnad med å rydda opp etter flaumøydeleggingane.

Etter tre veker var ei mellombels bru komen på plass til der vegen til Undredal i Aurland hadde blitt vaska vekk. Medan vegen dit var borte fekk bøndene i Undredal hjelp frå vegarbeidarane til å bera mjølkespann for å få mjølka til ysteriet. Skuleungane der vart sende av garde i båt.

Dei 35 elevane ved Flåm skule, som mista brua til skulen sin, måtte sendast til ein annan skule i kommunen etter flaumen. I januar 2015 bestemte ein seg for å utsetja opninga av Flåm skule til august 2016, men under eit folkemøte i februar kom det fram at politikarane ville prøva å opna skulen allereie same året ved hjelp av ei mellombels vegløysing. Ordførar Noralv Distad sa at det hadde vore eit sterkt ynskje om ei raskare opning av skulen både blant politikarane og blant foreldra. Ei mellombels skulebru over Flåmselvi kom på plass den 15. juli. Brua vart lagt høgt opp, med god avstand ned til elva. I tillegg har sjølve skulen blitt sikra mot 200-årsflaum, i følgje Noralv Distad.

Voss kommune har bede Olje- og energidepartementet om hjelp til å iverksetja tiltak mot ein ny storflaum. NVE har rekna ut at ein ny storflaum der kan koma til å stiga endå høgare enn oktoberflaumen. Politikarane der har mellom anna teke til orde for at byggjegrensa skal flyttast høgare opp. Storflaumen hadde positive konsekvensar for den utryddingstrua laksearten i Vosso. Laksen fekk nemleg nye gyteplassar som følgje av flaumen.

På nyåret i Lærdal gjorde ein vurderingar om kva for strakstiltak som burde gjerast før vårflaumen kom. Også i Aurland og i Lærdal vart flaumvarselet oransje i byrjinga av juli. Ordføraren i Lærdal sa då at sikringa enno ikkje var god nok i Erdal og i Tønjum.

I Odda sende NVE ut oransje flaumvarsel i juli 2015, men ordføraren John Opdal var ikkje like uroa denne gongen fordi det då hadde blitt jobba med sikringsarbeid langs dei utsette elvane i sju månader.

Diskusjonar rundt flaumen

Den 28. oktober 2014 hadde NVE informasjon som tilsa at dei burde oppgradera til raudt flaumvarsel for eit større område enn dei gjorde, men vakthavande på flaumvakta ved NVE i Oslo sa til NRK at dei valde å ikkje gjera dette fordi dei ikkje ynskte å skapa meir uro enn det allereie var. NVE-direktøren tok likevel sjølvkritikk for avgjerda i etterkant.

Naturforskarane Christian Haug Eide og Tore Grane Klausen skreiv ein artikkel om flaumen i Bergens Tidende i april 2015. Der hevda dei at hovudproblemet under oktoberflaumen var at elvane grov i yttersvingane, noko ein er spesielt utsett for i dei tronge dalane på Vestlandet. Vidare kritiserte dei flaumkarta til NVE fordi dei berre fortel noko om kva for område som kan koma til å liggja under vatn under ein flaum, og ingenting om kva for område som er utsette for elveerosjon i yttersvingane. Dermed vil ikkje flaumvarslinga vera treffsikker nok.

Forfattaren Frode Grytten, som vaks opp i Odda, publiserte ein tekst der han skildra flaumen, og framførte han live på NRK P2-programmet Salongen. I teksten skreiv han mellom anna «Mi elv denne gongen, neste gong er det di». I eit intervju med NRK Hordaland der Grytten vart spurd om dette var ein kommentar til klimautviklinga, svara han: «Ja, me må slutta å driva å lura oss sjølve, og slutta å vera så egoistiske. Me må byrja å tenkja på kva me faktisk held på med her. Me pressar naturen på ulikt vis, me byggjer for tett, og me slepp ut store mengder gassar».

Kjelder

Tags:

Oktoberflaumen I 2014 Vêrsituasjonen og nedbørsmengderOktoberflaumen I 2014 Flaumvarsel, straumbrot og stengde reisevegarOktoberflaumen I 2014 Flaumen den 28.-29. oktoberOktoberflaumen I 2014 Flaumen andre stader i Sogn og FjordaneOktoberflaumen I 2014 Flaumen andre stader i Hordaland og RogalandOktoberflaumen I 2014 PolitikarbesøkOktoberflaumen I 2014 Gjenoppbygging og sikringOktoberflaumen I 2014 Diskusjonar rundt flaumenOktoberflaumen I 2014 KjelderOktoberflaumen I 2014Aurland kommuneEkstremvêrFlaumFlåmHordalandLærdal kommuneNoregs vassdrags- og energidirektoratOdda kommuneRegnSnøsmeltingSogn og FjordaneTettstaden OddaVoss kommune

🔥 Trending searches on Wiki Nynorsk:

Yacouba Isaac ZidaLeksikonThérmiSigvart DagslandPeter Wessel TordenskjoldFreddie MercuryShine av Natália KellyMånenRockabillyLāsma KaunisteFilmserien OlsenbandenVerdNord-MakedoniaDet britiske kongehusetMusikkgruppa BlondieA Whiter Shade of PaleLuminansPhil PalmerFinancial TimesGreatest Hits 1982–1989Alfons XIII av SpaniaHundre års ensomhetJonas Gahr StøreTalteoriStatueRichard Wright (1908-1960)Andre verdskrigenMatt McGinnGustav VI Adolf av SverigeGrunnstoffListe over primtalEurystomusDet Bergenske DampskibsselskabHeaven for EveryoneJens StoltenbergVerdas landNikita KhrusjtsjovCyanDen siste nattverdenØystein SundeGalatádesChampions LeagueBorgarkrigen i USACountryHeimehjelpElon MuskEncores av Dire StraitsAnne B. RagdeMickey RaphaelInnsjøar i SverigeSpeleautomatVladimir PutinLitauenEHaakon Magnus av NoregMaybe BabyFridtjof NansenOlympiske leikarWarszawaMusvåk28. marsBaku1998Historisk fiksjonKolkataMauritaniaKolibriYatzyDiskografien til QueenRomeo and Juliet av Dire StraitsFlaggdagarBlyantkvessarGardasjøen🡆 More