Mosfilm (russisk skrift Мосфильм) er eit russisk filmselskap.
Mosfilm | |||
Inngangsskiltet til filmstudioet Mosfilm i Mosfilmovskaja-gata i ambassade- og filmstrøket i Moskva. | |||
Bransje | Filmindustri | ||
---|---|---|---|
Skipa | 30. januar 1920 | ||
Dotterselskap | ARK-fiim, Zhanr Film, Kinoslovo, Ritm, Kurier, Cinema Line | ||
Hovudkontor | Moskva | ||
Land | Russland, Sovjetunionen | ||
Produkt | film | ||
Dagleg leiar | Karen Sjakhnazarov | ||
Salsinntekter | 110 415 000 russisk rubel (2017) | ||
Omsetnad | 110 415 000 russisk rubel (2017) | ||
Resultat | 117 083 000 russisk rubel (2019) | ||
Nettstad | mosfilm.ru |
Mosfilm blei oppretta i 1920 då to private selskap blei nasjonaliserte. Det er rekna som det største og eldste filmselskapet i Russland og Europa som enno er verksamt. Det fekk sitt noverande namn i 1935. Selskapet var involvert i dei fleste store filmane frå Sovjetunionen og produserte omkring 2500 filmar i mange sjangrar fram til 1991 — til dømes montasjefilm og kunstfilmar som dei av Sergei Eisenstein og Andrej Tarkovskij, og dessutan kommunistiske westernfilmar og større internasjonale samproduksjonar.
Etter at Sovjetunionn fall heldt selskapet fram som ei halvprivat verksemd. Mosfilm driv i dag blant anna utleige av filmutstyr, kostyme, rekvisittar og lokale. Studioområdet er òg blitt eit anlegg for populære sightseeingturar som «Russlands Hollywood».
Frå 1947 var Vera Mukhina sin monumetale stålstatue «Arbeid og kolkosarbeiderske», opphavleg frå 1935 og utført i sosialistisk realisme, logo og vignettbilete for Mosfilm.
This article uses material from the Wikipedia Nynorsk article Mosfilm, which is released under the Creative Commons Attribution-ShareAlike 3.0 license ("CC BY-SA 3.0"); additional terms may apply (view authors). Teksten er tilgjengeleg under CC BY-SA 4.0 om ikkje anna er oppgjeve. Images, videos and audio are available under their respective licenses.
®Wikipedia is a registered trademark of the Wiki Foundation, Inc. Wiki Nynorsk (DUHOCTRUNGQUOC.VN) is an independent company and has no affiliation with Wiki Foundation.