Moambe

Moambe, muamba, mwambe eller nyembwe, også kjend som palmesmør, palmekrem eller uraffinert palmeolje, er ein ingrediens laga av perikarpen (ikkje frøa) til palmenøtter, frukta av afrikansk oljepalme (Elaeis guineensis).

Det er ein viktig ingrediens i sausar og gryterettar i afrikansk mattradisjon, som ofte også kan heita moambe eller liknande. Ein finn også rettar som minnar om desse i Aust-Brasil.

Moambe
Hausta palmenøtter til moambe.

Retter laga med moambe omfattar ofte også peanøtter, peanøttsaus eller peanøttsmør. Ein bruker gjerne kylling som kjøt i retten, men ein kan også bruka andre typar kjøt, som storfe, får, fisk eller ulike typar vilt, som krokodille eller hjortedyr. Moambe-kylling er rekna som nasjonalrett i tre afrikanske land.

Moambe
Skål med retten poulet moambe

For å laga palmesmør koker ein palmenøtter for så å knusa dei. Kjøtet blir blanda med vatn, silt og så kokt att. Det blir også laga hermetisk palmesmør, kjent som sauce graine eller noix de palme.

Angola

I Angola blir moambe med kylling kalla moamba de galinha, og er rekna som nasjonalrett. Han blir vanlegvis serverte med funge, ein puré av maniok, og kan også lagast med fisk.

Den demokratiske republikken Kongo

I vestlege delar av Den demokratiske republikken Kongo kallar ein sausen av palmenøtter eller peanøtter mwambi eller mwambe (lingala mwǎmba). Poulet à la Moambé, 'kylling i moambesaus', er også rekna som nasjonalrett i Kongo.

Gabon

I Gabon blir sausen vanlegvis kalla nyembwe, frå myene-ordet for palmesmør. Den viktigaste retten med nyembwe er nyembwe-kylling (franske poulet [au] nyembwe eller poulet [au] gnemboue), som er rekna som nasjonalrett i Gabon.

Sjå òg

Kjelder

Tags:

Moambe AngolaMoambe Den demokratiske republikken KongoMoambe GabonMoambe Sjå ògMoambe KjelderMoambeAfrikansk matOljepalme

🔥 Trending searches on Wiki Nynorsk:

WikipediaNynorskRSSTønsberg kommuneNatriumStavenesKompasspunktKent AndersenOmanZinédine ZidaneDen raude plassenUSAFlammepunktNoahJohnny DeppVerktøyet filBjørn Arild GramKnut T. StorbukåsSara SkjoldnesFranskSvalSatPadleneWienerklassisismenGramDet britiske imperietAutoritetsdataKaména VoúrlaKonflikten mellom Wergeland og WelhavenTanjung MorawaHovudsideIf I Were SorryChancySenterpartietBjørnstjerne BjørnsonSkytjeFridthjov AnderssenJohn IllsleyRøyslandHjuldyrUndergrunnsbanen i LondonKaptein SabeltannMultiplikasjonPeriferien Sentral-HellasRundeBetaSosialdemokratiUngkarSamleieHydrogenJa, vi elsker dette landetJohn Churchill, 1. hertug av MarlboroughMarte GerhardsenAndre verdskrigenDet indiske kastesystemetAdministrativ inndeling i HellasRingdrottenSvartedauenSt. PetersburgHar SedomAliártos-ThespiésJenny KlingeSaruq i OmanSøppelIALA maritime bøyesystemTraktorTorstein BaeNordsamiskCharlottenbergSildekongeBrasilCanadaNorsk ytre språkhistorieKazanTiulenijCascadaI'm Still StandingIndia🡆 More