Michael Ben David (fødd 26.
juli">26. juli 1996 i Ashkelon) er ein israelsk songar. Han vart kjend i heimlandet då han vinteren 2022 vann den fjerde sesongen av X Factor Israel. Han representerte Israel i Eurovision Song Contest 2022 i Torino i Italia med songen «I.M».
Michael Ben David | |||
| |||
Fødd | 26. juli 1996 (27 år) | ||
---|---|---|---|
Fødestad | Ashkelon | ||
Fødenamn | מיכאל בן דוד | ||
Opphav | Israel | ||
Sjanger | pop | ||
Verka som | songar |
Ben David vart fødd i Ashkelon i Israel som den nest eldste i ein syskenflokk på seks. Mora er russisk-ukrainsk, medan faren er georgisk. Han vaks opp i Petah Tiqwa, aust for Tel Aviv. Allereie på barne- og ungdomsskulen fekk Ben David merksemd for songtalentet sitt og den lyse stemma si, som han ofte vart mobba for av klassekameratane. Som 16-åring kom Ben David ut som homofil, noko den religiøse mora hans brukte lang tid på å akseptere.
Ben David avtente fyrstegongstenesta si i ei hemmeleg eining i det israelske forsvarsdepartementet. Etter militærtenesta studerte han skodespel ved dramaskulen Beit Zvi i Ramat Gan.
Hausten 2021 vart han kjend for eit større publikum då han deltok i den fjerde sesongen av X Factor Israel, den israelske versjonen av X Factor. Han vann til slutt finalen laurdag 5. februar 2022 og sikra seg samstundes moglegheita til å representere Israel i Eurovision Song Contest 2022 i Torino. Han deltok med songen «I.M», skriven av Lidor Saadia, Chen Aharoni og Assi Tal. Songen vart nummer 13 av 18 i semfinalen, og kvalifiserte seg ikkje til finalen.
This article uses material from the Wikipedia Nynorsk article Michael Ben David, which is released under the Creative Commons Attribution-ShareAlike 3.0 license ("CC BY-SA 3.0"); additional terms may apply (view authors). Teksten er tilgjengeleg under CC BY-SA 4.0 om ikkje anna er oppgjeve. Images, videos and audio are available under their respective licenses.
®Wikipedia is a registered trademark of the Wiki Foundation, Inc. Wiki Nynorsk (DUHOCTRUNGQUOC.VN) is an independent company and has no affiliation with Wiki Foundation.