Prinsesse Märtha Louise av Noreg (fødd 22.
Denne artikkelen treng oppdatering. |
september">22. september 1971) er ei norsk prinsesse, dotter av kong Harald og dronning Sonja.
Prinsesse Märtha Louise av Noreg | |||
| |||
Fødd | Prinsesse Märtha Louise av Norge 22. september 1971 Oslo, Noreg | ||
---|---|---|---|
Tittel | Prinsesse av Noreg | ||
Alle titlar | Prinsesse av Noreg | ||
Fullt namn | Märtha Louise | ||
Land | Noreg | ||
Mor | Sonja | ||
Far | Harald V | ||
Ektefelle | Ari Behn | ||
Sambuar | Durek Verrett | ||
Barn | Maud Angelica Behn, Leah Behn, Emma Tallulah Behn |
Märtha Louise vart oppkalla etter farmor si, kronprinsesse Märtha av Noreg. Ho fekk seinare veslebroren Haakon Magnus, som vart kronprins av Noreg.
I 1990 vart den norske grunnlova endra slik at kvinner fekk arverett til trona. Den eldste prinsessa eller prinsen går føre i arverekkja. Endringa vart ikkje gjort med attendeverkande kraft, slik at Märtha Louise kjem bak den yngre bror sin i arverekkja.
1. februar 2002 sa ho frå seg tittelen høgvyrde prinsesse. Ho mottek ikkje lenger apanasje og er sjølvstendig næringsdrivande.
Den 24. mai 2002 vart Märtha Louise gift med forfattaren Ari Behn. Dei har tre døtrer, Maud Angelica fødd i 2003, Leah Isadora fødd i 2005, og Emma Tallulah fødd i 2008.
Som faren stammar Märtha Louise direkte ned frå dronning Victoria av Storbritannia. Ho står difor på lista over dei som har arverett til den britiske trona.
Mellom utmerkingane Märtha Louise har fått, er òg storkrossen med kjede av St. Olavs Orden.
Hennar Kongelege Høyhet Prinsesse Märtha Louise av Noreg (1971-2002)
Prinsesse Märtha Louise av Noreg
Føregangar Prins Sverre Magnus | Den norske tronfylgja | Etterfylgjar Maud Angelica Behn |
This article uses material from the Wikipedia Nynorsk article Märtha Louise av Noreg, which is released under the Creative Commons Attribution-ShareAlike 3.0 license ("CC BY-SA 3.0"); additional terms may apply (view authors). Teksten er tilgjengeleg under CC BY-SA 4.0 om ikkje anna er oppgjeve. Images, videos and audio are available under their respective licenses.
®Wikipedia is a registered trademark of the Wiki Foundation, Inc. Wiki Nynorsk (DUHOCTRUNGQUOC.VN) is an independent company and has no affiliation with Wiki Foundation.