Linear B er ei stavingsskrift som det mykenske målet, tidleg gresk, vart skrive med.
Skrifta vart brukt på Kreta og det greske fastlandet i tidsrommet rundt 1400–1200 f.Kr. Linear B har kring 90 stavingsteikn, ideogram og tallteikn.
Skrifta vart først oppdaga og gjeven namn av den britiske arkeologen Arthur Evans under utgravingar i Knossos på Kreta i 1900. Dei over 4000 tavlene frå Knossos utgjer også den største samlinga av linear B-tekstar. Ein har også gjort store funn ved Pylos (ca. 1000 tavler), Mykene og Tiryns på Peloponnes, og ved Thebes i Boeotia (ca. 350). Tekstane vart funne innrissa på små leirtavler i palassarkiva. Tavlene er vorte brende til keramikk og såleis verna for ettertida då palassa vart øydelagde ved brann kring 1200 f.Kr.
Den britiske arkiteten Michael Ventris og filologen John Chadwick påviste i 1952 at språket i linear B-tekstane er det eldste språktrinnet av gresk, mykensk gresk. Somme forskarar meiner at linear B er utvikla frå linear A-skrifta, medan andre ser dei to som parallelle skriftsystem utvikla frå ein felles føreganger.
Rutenettet nedanfor vart utvikla under desiferinga til Michael Ventris og John Chadwick av dei fonetiske verdiene for stavingsteikna. Det må installerast ein egen font for å sjå spesialteikna som elles viser som ein firkant.
This article uses material from the Wikipedia Nynorsk article Linear B, which is released under the Creative Commons Attribution-ShareAlike 3.0 license ("CC BY-SA 3.0"); additional terms may apply (view authors). Teksten er tilgjengeleg under CC BY-SA 4.0 om ikkje anna er oppgjeve. Images, videos and audio are available under their respective licenses.
®Wikipedia is a registered trademark of the Wiki Foundation, Inc. Wiki Nynorsk (DUHOCTRUNGQUOC.VN) is an independent company and has no affiliation with Wiki Foundation.