Liaoyang (kinesisk: 辽阳; pinyin: Liáoyáng) er eit kinesisk byprefektur i sentralt i provinsen Liaoning i det nordaustlege Kina.
Byprefekturet har eit areal på 4 731 km² og hadde mellom 1,8 og 1,9 millionar ibuarar i 2010.
Byprefekturet Liaoyang omfattar fem distrikt (区 qū), eitt byfylke (市 shì) og eitt fylke (县 xiàn).
Liaoyang er ein viktig by for den nordaustkinesiske tungindustrien.
Kinas riksveg 202 går gjennom området. Han tek til i Heihe i provinsen Heilongjiang, passerer gjennom Harbin og Shenyang, og endar i Dalian ved Gulehavet.
Byen Liaoyang er ein av dei eldste i Nordaust-Kina, og var bygt allereie før Vår- og haustannaltida. Byen hadde ei stordomstid på 1100-talet og 1200-talet, under Liao-dynastiet og det jursjenske Jin-dynastiet, sistnemnde dynasti hadde sin austleg hovudstad her. Byen heitte då Dongjing. Under den russisk-japanske krig vart i 1904 slaget ved Liaoyangutkjempa i området, eit slag der dei russiske militærstyrkane leid eit stor nederlag.
This article uses material from the Wikipedia Nynorsk article Liaoyang, which is released under the Creative Commons Attribution-ShareAlike 3.0 license ("CC BY-SA 3.0"); additional terms may apply (view authors). Teksten er tilgjengeleg under CC BY-SA 4.0 om ikkje anna er oppgjeve. Images, videos and audio are available under their respective licenses.
®Wikipedia is a registered trademark of the Wiki Foundation, Inc. Wiki Nynorsk (DUHOCTRUNGQUOC.VN) is an independent company and has no affiliation with Wiki Foundation.