Leslie Stephen, (28.
november">28. november 1832–22. februar 1904) var ein britisk forfattar, kritikar og fjellklatrarar, fødd og død i London. Han var far til Virginia Woolf og Vanessa Bell.
Leslie Stephen | |
Statsborgarskap | Det sameinte kongeriket Storbritannia og Irland |
Fødd | 28. november 1832 London |
Død | 22. februar 1904 (71 år) |
Yrke | journalist, historikar, redaktør, litteraturkritikar, biograf, fjellklatrer, leksikograf, skribent, universitetslærar |
Medlem av | American Academy of Arts and Sciences |
Far | James Stephen |
Mor | Jane Catherine Venn |
Ektefelle | Julia Stephen, Harriet Stephen |
Born | Virginia Woolf, Vanessa Bell, Thoby Stephen, Adrian Stephen, Laura Stephen |
Leslie Stephen på Commons |
Stephen var frå London, der faren James Stephen hadde ei toppstilling i statsbyråkratiet. Etter studiar ved Eton College, King's College i London og Trinity Hall i Cambridge, der han tok eksamen til B.A. i 1854 og M.A. i 1857, arbeidde og underviste Stephen i fleire år ved colleget.
I 1865 braut Stephen med si anglikanske tru, og religion i det heile. Han slo seg ned i London som journalist, og vart i 1871 redaktør av Cornhill Magazine. Mellom bidragsytarane til bladet fann ein Robert Louis Stevenson, Thomas Hardy, William Edward Norris, Henry James og James Payn.
I fritida var han aktiv idrettsmann, og dreiv med fjellklatring. Allereie tidleg i 1860-åra byrja han skrive om fjellturar, og han var ein dei tidlegaste formennene, 1865-68, i Alpine Club. I 1871 gav han ut boka The Playground of Europe, der han skildra sine mange fjellferder i Alpane. Boka vart omgåande ein suksess, og var saman med Edward Whymper si bok Scrambles Amongst the Alps, som kom ut same året, med på å drage fleire generasjonar britar ut på tur til Alpane.
Stephen gav i 1876 ut The History of English Thought in the Eighteenth Century, eit verk som vart rekna som eit viktig tillegg til den reint filosofiske litteraturen. Seks år seinare kom The Science of Ethics, ei lærebok som gjorde at Stephen i England vart den best kjende talsmannen for evolusjonsteorien.
Stephen var fyrst gift med ei dotter av forfattaren William M. Thackeray. Etter han vart enkemann, gifta han seg med ei ung enke og fekk fire born med henne, mellom anna dei berømte døtrene Vanessa og Virginia.
Stephen var ein av dei fremste aktørane under den såkalla gullalderen for fjellklatring i Alapane, åra mellom 1854 og 1865, ein periode då mange av stortoppane vart bestige for fyrste gong. Han var med i Alpine Club frå då foreininga vart danna i 1857, og var leiar frå 1865 til -68.
Stephen var den fyrste som besteig fylgjande fjelltoppar, oftast i lag med sin favoritt mellom dei sveitsiske fjellførarane, Melchior Anderegg:
This article uses material from the Wikipedia Nynorsk article Leslie Stephen, which is released under the Creative Commons Attribution-ShareAlike 3.0 license ("CC BY-SA 3.0"); additional terms may apply (view authors). Teksten er tilgjengeleg under CC BY-SA 4.0 om ikkje anna er oppgjeve. Images, videos and audio are available under their respective licenses.
®Wikipedia is a registered trademark of the Wiki Foundation, Inc. Wiki Nynorsk (DUHOCTRUNGQUOC.VN) is an independent company and has no affiliation with Wiki Foundation.