Latinske namn for helgedagar har vorte nytta i den norske kyrkja frå mellomalderen.
Frå 1700-talet vart det vanleg å bruke danske, og seinare norske, namn for helgedagane, men latinnamna har vore bruka heilt fram mot vår tid for nokre av dagane, som m.a. Septuagesima og Sexagesima .
Kyrkjeåret byrjar med Dominica I Adventus, dvs. Fyrste sundag i advent, og avsluttast med siste sundag i kyrkjeåret, som kan vere Dominica XXVII Post Trinitatis om påska fell tidleg.
Dominica (ofte forkorta «Dom.») = Sundag
Dominica I Adventus = Fyrste sundag i advent
Dominica II Adventus = Andre sundag i advent
Dominica III Adventus = Tredje sundag i advent
Dominica IV Adventus = Fjerde sundag i advent
Festum Nativitatis Domini eller Festo Nativitatis Christi= Fyrste juledag
Festum Sti. Stephani = Andre juledag
Festum Sti. Johannis Evangelistæ = Tredje juledag
Dominica inter Nativit. ex Circumcis = Sundag mellom jul og nyår
Festum Novi Anni, Festum Circumcisionis Domini = Nyårsdag
Dominica I post Circumcis = Fyrste sundag på nyåret, når denne fell 2. – 5. januar
Epiphania Domini, Festo Gloriosæ Apparit. Christi = Heilage tre kongar, epifanium, sjette januar
Dominica I post Epiphaniam = Fyrste sundag etter Heilage tre kongar
Dominica II post Epiphaniam = Andre sundag etter Heilage tre kongar
Dominica III post Epiphaniam = Tredje sundag etter Heilage tre kongar
Missa candelarum, Festum purificatio = Kyndelsmesse (2. februar)
Dominica IV post Epiphaniam = Fjerde sundag etter Heilage tre kongar
Dominica V Post Epiphaniam = Fyrste til sjette sundag etter Heilage tre kongar
Dominica VI post Epiphaniam = Fyrste til sjette sundag etter Heilage tre kongar
Septuagesima = Andre sundag før fastelavn
Sexagesima = Sundag før fastelavn
Quinquagesima eller Esto mihi = Fastelavnssundag
Quadragesima eller Invocavit = Fasta, fyrste sundag i fasta
Reminiscere = Andre sundag i fasta
Oculi = Tredje sundag i fasta
Lætare = Midtfaste, fjerde sundag i fasta
Judica = Femte sundag i fasta
Mariæ annuntiatio = Maria bodkapsdag, til 1701: 25. mars el. laur. før palmesøndag, 1701-1977 på 5. søn i fasta
Palmarum Dominica = Palmesundag
Dies Coenæ domini, Dies Viridium = Skjærtorsdag
Dies Parasceves = Langfredag
Pascha, Festum Resurrectionis Domini = Fyrste påskedag
Quasi modo geniti = Fyrste sundag etter påske
Misericordia Domini = Andre sundag etter påske
Jubilate = Tredje sundag etter påske
Cantate = Fjerde sundag etter påske
Rogate = Femte sundag etter påske
Festum Ascensionis Domini, Ascensio Christi = Sjette torsdag etter påske, Helgetorsdag eller Kristi himmelfartsdag
Exaudi = Sjette sundag etter påske
Pentecoste = Sjuande sundag etter påske, fyrste pinsedag, Kvitsun
Trinitatis Dominica, Festum Sanctissimæ Trinitatis = Treeinings sundag
Dominica I post Trinitatis = Fyrste sundag etter treeining - dvs. andre sundag etter pinse
Dominica II - XXVII Post Trinitatis = Andre til tjuesjuande sundag etter treeining, dvs. tredje til tjueåttande sundag etter pinse
Dagane var faste helgedagar til festdagsreduksjonen i 1770
Festum nativitatis St. Johannis Baptistæ = Jonsok, 24. juni
Mariæ visitatio = Maria besøksdag, 2. juli
Festum archangeli Michaelis = Mikkelsmesse, 29. september
Festum Omnium sanctorum = Allehelgensdag, 1. november
Inventio crucis, Krossmesse om våren, 3. mai
Exaltatio crucis, Krossmesse om hausten, 14. september
This article uses material from the Wikipedia Nynorsk article Latinske namn på helgedagar, which is released under the Creative Commons Attribution-ShareAlike 3.0 license ("CC BY-SA 3.0"); additional terms may apply (view authors). Teksten er tilgjengeleg under CC BY-SA 4.0 om ikkje anna er oppgjeve. Images, videos and audio are available under their respective licenses.
®Wikipedia is a registered trademark of the Wiki Foundation, Inc. Wiki Nynorsk (DUHOCTRUNGQUOC.VN) is an independent company and has no affiliation with Wiki Foundation.