Kunstig innsjø er ein innsjø som menneske har laga eller forma, anten ved å grave ut eit basseng i terrenget der vatnet naturleg vil samle seg, eller ved å demme opp eit vassdrag for å skape eit vassreservoar.
Valldalsvatnet i Valldalen søraust på Hardangervidda er eit av fleire døme i Noreg på at naturlege innsjøar og elvar har vorte heva og utvida til store innsjøar, reguleringsbasseng, for at vatnet skal kunne nyttast i vasskraftverk.
I parkar i byar er det ofte laga til kunstige små innsjøar eller kunstige tjern til glede for bybuarane, til dømes i Vigelandsanlegget i Oslo, der bekken frå Sognsvann er demma opp. Lille Lungegårdsvann i Bergen er eit døme på at ein opphavleg fjordarm gjennom eit trangt sund har vorte omgjort til ein liten, geometrisk utforma innsjø i eit sentralt område av byen.
This article uses material from the Wikipedia Nynorsk article Kunstig innsjø, which is released under the Creative Commons Attribution-ShareAlike 3.0 license ("CC BY-SA 3.0"); additional terms may apply (view authors). Teksten er tilgjengeleg under CC BY-SA 4.0 om ikkje anna er oppgjeve. Images, videos and audio are available under their respective licenses.
®Wikipedia is a registered trademark of the Wiki Foundation, Inc. Wiki Nynorsk (DUHOCTRUNGQUOC.VN) is an independent company and has no affiliation with Wiki Foundation.