Klangfarge er eit omgrep nytta innan psykoakustikk og musikk for å skildra den subjektive opplevinga av lyden til individuelle instrument, eller eit orkester.
Klangfarge er eit noko diffust omgrep som ikkje kan skildrast like presist som tone og lydtrykk. Klangfarga til eit instrument kan skildrast som mjuk, hard, rik, ullen, open, keisam, lys, mørk, skingrande, gjennomsiktig, dyster, fargelaus og så vidare.
Klangfarga vert bestemt av fleire ting, som kor mange overtonar lyden frå eit instrument inneheld, det relative tilhøvet mellom lydtrykket til grunntonen og dei ulike overtonane, kor snøgt lydtrykket til grunntonen og overtonane byggjer seg opp og døyr ut og så vidare. Grunntonen og dei ulike overtonane tek ikkje til heilt på same tid og den innbyrdes forseinkinga mellom dei har mykje å seia for klangfarga til dei ulike instrumenta. Talet på overtonar og korleis dei bygger seg opp og døyr ut kan variera både med instrumenttype og korleis det vert spela. Nokre instrument, som trompet og saksofon har svært mange overtonar, medan andre, som valthorn, tuba og trombone har færre. Fiolinar har òg mange overtonar og i tillegg er det små variasjonar i frekvensane til dei.
This article uses material from the Wikipedia Nynorsk article Klangfarge, which is released under the Creative Commons Attribution-ShareAlike 3.0 license ("CC BY-SA 3.0"); additional terms may apply (view authors). Teksten er tilgjengeleg under CC BY-SA 4.0 om ikkje anna er oppgjeve. Images, videos and audio are available under their respective licenses.
®Wikipedia is a registered trademark of the Wiki Foundation, Inc. Wiki Nynorsk (DUHOCTRUNGQUOC.VN) is an independent company and has no affiliation with Wiki Foundation.