Dame Julia Babette Sarah Neuberger, Baroness Neuberger (fødd 27.
februar">27. februar 1950) er ein rabbinar, sosialreformator og medlem av Overhuset i Storbritannia. Ho vart utdanna ved Newnham College i Cambridge og Leo Baeck College i London, der ho underviste frå 1977 til 1997.
Julia Neuberger | |
Statsborgarskap | Storbritannia |
Fødd | 17. februar 1950 (74 år) London |
Yrke | rabbinar, faglitterær forfattar |
Språk | engelsk |
Politisk parti | Liberal Democrats |
Religion | Jødedommen |
Ektefelle | Anthony Neuberger |
Julia Neuberger på Commons |
Julia Neuberger, fødd Schwab, var rabbinar i South London Liberal Synagogue frå 1977 til 1989 og blei utnemnd til seniorrabbinar ved West London Synagogue of British Jews i 2011. Ho var òg leiar av Camden and Islington Community Health Services NHS Trust (1992–97) og tidlegare sekretær i og eksekutivsjef av The King's Fund sidan 1997.
Julia Neuberger blei utnemnd til Dame Commander of the British Empire (DBE) i 2003 og i 2004 til medlem av Overhuset på livstid då ho blei gjeven tittelen Neuberger, of Primrose Hill. Ho var medlem av Liberal Democrats fram til utnemninga som seniorrabbinar i 2011, då ho blei sjølvstendig crossbencher.
This article uses material from the Wikipedia Nynorsk article Julia Neuberger, which is released under the Creative Commons Attribution-ShareAlike 3.0 license ("CC BY-SA 3.0"); additional terms may apply (view authors). Teksten er tilgjengeleg under CC BY-SA 4.0 om ikkje anna er oppgjeve. Images, videos and audio are available under their respective licenses.
®Wikipedia is a registered trademark of the Wiki Foundation, Inc. Wiki Nynorsk (DUHOCTRUNGQUOC.VN) is an independent company and has no affiliation with Wiki Foundation.