Johann Nepomuk Nestroy (7.
desember">7. desember 1801–25. mai 1862) var ein austerriksk dramatikar, skodespelar og songar.
Johann Nestroy | |
Statsborgarskap | Keisardømet Austerrike |
Fødd | 7. desember 1801 Wien |
Død | 25. mai 1862 (60 år) |
Yrke | skribent, skodespelforfattar, diktarjurist, teaterskodespelar, operasongar, satiriker, lyrikar, skodespelar |
Johann Nestroy på Commons |
Nestroy var fødd i Wien. Etter debut som songar og skodespelar ved ulike scenar blei han etterkvart best kjend som komikar. Frå 1831 verka han i Wien, der hans store suksessar leda han fram til ein post som sjef for Carl-Theater 1854-60. Frå 1827 var han òg litterært verksam. Han skreiv og omarbeidde eit 80-tals skodespel til repertoaret sitt, som omfatta folkeleg realistiske lystspel som Lumpacivagabundus (1833; fritt omsett til svensk av Fran Hodell 1865 som Andersson, Pettersson och Lundström) og Freiheit inn Krähwinkel (1848), parodiar (mellom anna på verk av Friedrich Hebbel og Ferdinand Raimund) og dessutan lokalaktuelle songspel som Wiener Possen. Dei samla verka til Nestroy er blitt gjevne ut i fleire opplag, mellom anna 1924-30 i 15 band med biografi av Otto Rommel.
This article uses material from the Wikipedia Nynorsk article Johann Nestroy, which is released under the Creative Commons Attribution-ShareAlike 3.0 license ("CC BY-SA 3.0"); additional terms may apply (view authors). Teksten er tilgjengeleg under CC BY-SA 4.0 om ikkje anna er oppgjeve. Images, videos and audio are available under their respective licenses.
®Wikipedia is a registered trademark of the Wiki Foundation, Inc. Wiki Nynorsk (DUHOCTRUNGQUOC.VN) is an independent company and has no affiliation with Wiki Foundation.