Johan Sverdrup (30.
juli">30. juli 1816–17. februar 1892) var ein norsk politikar for Venstre og statsminister i tida 1884-1889. Han vert ofte kalla faren til den norske parlamentarismen.
Johan Sverdrup | |||
| |||
Fødd | 30. juli 1816 Tønsberg | ||
---|---|---|---|
Død | 17. februar 1892 (75 år) | ||
Statsborgar av | Noreg | ||
Parti | Venstre | ||
Yrke | politikar, redaktør, journalist, advokat | ||
Utdanna ved | Oslo katedralskole | ||
Far | Jacob Liv Borch Sverdrup | ||
Verv | Norsk statsminister 1884–1889 | ||
Føregangar | Christian Homann Schweigaard | ||
Etterfylgjar | Emil Stang d.e. | ||
Verv | Norsk forsvarsminister 1885–1889 | ||
Etterfylgjar | Edvard Hans Hoff | ||
Verv | Partileiar for Venstre 1884 | ||
Etterfylgjar | Ole Anton Qvam | ||
Alle verv |
|
Sverdrup kom inn på Stortinget i 1850, først som representant for Jarlsberg og Larvik amt og sidan for Akershus. Han var stortingspresident frå 1871 til 1884, som var den tida ordskiftet om parlamentarismen vart ført. Han bygde opp eit sterkt politisk parti (Venstre) med støtte frå bøndene, og klarte å etablera ei sterk konstitusjonell regjering som praktisk talt øydela den kongelege politiske makta. Sverdrup ønskte at Stortinget skulle vere den dominerande statsmakta, at stemmeretten burde utvidast for å styrka Stortinget, og at statsrådane burde delta i stortingsmøta for at Stortinget skulle få større innverknad på dei.
Sverdrup sette i verk 89 lovforslag i løpet av sin periode, som mellom anna var reformer av rettssystemet. Han klarte derimot ikkje å gjera dei radikale tilhengjarane av partiet, og måtte søka støtte hos liberal-moderatane. Han blei tvinga til å gå av i 1889 og døydde 17. februar 1892 i Kristiania (i dag Oslo).
This article uses material from the Wikipedia Nynorsk article Johan Sverdrup, which is released under the Creative Commons Attribution-ShareAlike 3.0 license ("CC BY-SA 3.0"); additional terms may apply (view authors). Teksten er tilgjengeleg under CC BY-SA 4.0 om ikkje anna er oppgjeve. Images, videos and audio are available under their respective licenses.
®Wikipedia is a registered trademark of the Wiki Foundation, Inc. Wiki Nynorsk (DUHOCTRUNGQUOC.VN) is an independent company and has no affiliation with Wiki Foundation.