Jesu Atterkome

Jesu atterkomme er ei førestilling innan kristendom, islam, bahai og messiansk jødedom som inneber at Jesus kjem til å venda tilbake til jorda i si gudommelege form etter himmelferda si for rundt 2000 år sidan.

Førestillinga byggjer på Messias-profeti, og blir vanlegvis knytt til førestillinga om den endelege dommen over verda, men kan ha mange tolkingar. Omgrepet er sentralt innan den kristne eskatologien, og er ofte avbilda i kunst.

Jesu Atterkome
Gresk ikon av Jesu atterkome frå rundt 1700

Ein finn underbygging for trua om Jesu atterkome i evangelia (Matt. 24–25; Mark. 13; Luk. 21:5–26; Joh. 14:25–29) og i Johannes' openberring, eldre bibelstader og i ulike overleveringar.

Ein del trur at atterkomet vil skje heilt bokstavelig, og at Jesus vil koma tilbake synleg for alle. Nokre trur på bortrykking, og at Gud vil ta dei kristne til seg medan andre blir verande tilbake på jorda. Atterkomet vil så finna stad etter dette. Ikkje alle kristne meiner at Jesu atterkome vil vera synleg. Ifølge synet kjend som preterisme fann atterkomet stad allereie då Jesus var på jorda.

Terminologi

Det Nye Testamentet bruker det greske ordet epiphaneia (ἐπιφάνεια) fem gonger om Jesu atterkome.

I Det greske Nye Testamenet (Novum Testamentum Graece) opptrer det greske ordet parousia (παρουσία, 'kome' eller 'tilstadevere') tjuefire gongar, sytten av dei om Jesus. I 1908 viste Gustav Adolf Deissmann at parousia blei brukt så tidleg som på 200-talet f.Kr. for å visa til hendingar der ein konge eller høgståande person vitja ein by med ei framsyning av stordom.

Kjelder

Tags:

BahaiDommedagEskatologiIslamJesusKristendommenKunstMessiansk jødedomMessiasProfeti

🔥 Trending searches on Wiki Nynorsk:

Eyvind JohnsonSirkelPakistanAnders AuklandGjegnabuSoltidIndonesiaMarit BjørgenOverarmsbeinFarkadónaGarden KatthultKirkenærHydrogencyanidPolenSkandinaviaTromsø kommuneIvar Lo-JohanssonHellerman RocksLewis CapaldiRimMusikkgruppa GåteVerdas lengste skihoppMauritaniaArian EngebøIne Marie WilmannSoparCarl LarssonSylvi ListhaugJorvikFlorøOmanbuktaJerpeBuBlåmannBokormUbehaget i kulturenCristiano RonaldoNord-AmerikaRSSMiljøproblemJohann Sebastian BachSilje NordnesNormert talemålDet franske koloniriketVesle GaldhøpiggenPierre-Simon LaplaceSør-PílioGrunnstoffet tinnBrødskiveProgrammeringsspråket JavaOrganistSola kommuneStomiKommuneLiberalEngelskJan MayenClaus JervellLemmingChampions LeaguePungrevTorvastad IdrettslagKoparIsaac NewtonKelvinMusculus latissimus dorsiCarles PuigdemontImperialismeNyttårBuskerud fylkeMeteoraBergen kommune🡆 More