Jacob Erik Lange (1767–5.
april">5. april 1825) var ein norsk offiser og eidsvollsmann.
Jacob Erik Lange | |
Statsborgarskap | Noreg |
Fødd | 1767 Bergen |
Død | |
Yrke | politikar |
Språk | norsk |
Jacob Erik Lange på Commons |
Lange var fødd i Bergen, som son av ein prokurator. Han vart offiser i 1789, premierløytnant i 1798. I 1808 vart han kaptein i 2. trondhjemske infanteriregiment, ti år seinare kompanisjef for trondhjemske gevorbne musketerkorps.
I 1814 var Lange utsending frå regimentet sitt til riksforsamlinga på Eidsvoll. Han gjorde lite av seg i forhandlingane, og er ein av dei som historikarane ikkje veit kvar stod i unionsspørsmålet.
Lange vart tildelt den svenske Sverdordenen.
This article uses material from the Wikipedia Nynorsk article Jacob Erik Lange, which is released under the Creative Commons Attribution-ShareAlike 3.0 license ("CC BY-SA 3.0"); additional terms may apply (view authors). Teksten er tilgjengeleg under CC BY-SA 4.0 om ikkje anna er oppgjeve. Images, videos and audio are available under their respective licenses.
®Wikipedia is a registered trademark of the Wiki Foundation, Inc. Wiki Nynorsk (DUHOCTRUNGQUOC.VN) is an independent company and has no affiliation with Wiki Foundation.