Jóhanna Guðrún Jónsdóttir, kjend som Yohanna (fødd 16.
oktober">16. oktober 1990), er ein islandsk-dansk songar. Ho vann Söngvakeppni 2009 og fekk representerte Island i Eurovision Song Contest 2009, der ho kom på 2. plass.
Jóhanna Guðrún Jónsdóttir | |||
| |||
Fødd | 16. oktober 1990 | ||
---|---|---|---|
Fødestad | København i Danmark | ||
Fødenamn | Jóhanna Guðrún Jónsdóttir | ||
Alias | Yohanna | ||
Opphav | Island | ||
Instrument | Vokal | ||
Verka som | Songar |
Jóhanna vart fødd i København i Danmark, men familien flytta til Island då ho var to år gammal, og ho voks opp i Hafnarfjörður. Som lita lærte ho song på musikkskole. Ho spelte inn den første plata si då ho var ni år gammal, og denne kom ut 16. oktober 2000, I 2001 gav ho ut si andre plate og i 2003 kom den tredje plata, ei samling julesongar. I 2008 gav ho ut si første plate som vaksen, Butterflies and Elvis. Ho studerte ved songakademiet Söngskolinn i Reykjavik.
Ved den islandske avstemminga ved Söngvakeppni, den islandske versjonen av Melodi Grand Prix 2009, fekk Jóhanna 28 % av røystene, eller 19 076 røyster. I finalen av Eurovision Song Contest 2009 vart ho nr. 2, berre slått av norske Alexander Rybak.
Saman med Hildur Þórhallsdóttir, Kjartan Guðbergsson, Friðrik Jónsson og Ragnheiður Gröndal var Jónsdóttir ein del av den islandske juryen i Eurovision Song Contest 2014 i København i Danmark. Røystene frå juryen vart sett saman med dei islandske telefon-, SMS- og App-røystene, og utgjorde 50 prosent av røystene frå Island. Juryen røysta i den fyrste semifinalen, der Island deltok, og finalen.
This article uses material from the Wikipedia Nynorsk article Jóhanna Guðrún Jónsdóttir, which is released under the Creative Commons Attribution-ShareAlike 3.0 license ("CC BY-SA 3.0"); additional terms may apply (view authors). Teksten er tilgjengeleg under CC BY-SA 4.0 om ikkje anna er oppgjeve. Images, videos and audio are available under their respective licenses.
®Wikipedia is a registered trademark of the Wiki Foundation, Inc. Wiki Nynorsk (DUHOCTRUNGQUOC.VN) is an independent company and has no affiliation with Wiki Foundation.