«I'm Happy Just to Dance with You»
I'll Cry Instead Singel av The Beatles frå albumet A Hard Day's Night | ||
B-side | ||
---|---|---|
Språk | engelsk | |
Utgjeve | 20. juli 1964 | |
Innspelt | 1. juni 1964, EMI Studios, London | |
Sjanger | Rock and roll, country | |
Lengd | 2:09 | |
Selskap | Capitol (US) | |
Komponist | John Lennon, Paul McCartney | |
Tekstforfattar | John Lennon, Paul McCartney | |
Låtskrivar(ar) | Lennon–McCartney | |
Produsent | George Martin | |
Amerikanske The Beatles-singlar-kronologi | ||
«And I Love Her» (1964) | I'll Cry Instead | «Slow Down» (1964)
|
«I'll Cry Instead» er ein song skriven av John Lennon og godskriven Lennon–McCartney. Han vart spelt inn av The Beatles for filmmusikkalbumet til filmen A Hard Day's Night.
Lennon skreiv songen for «utbrytar»-sekvensen i filmen. Songen vart spelt inn 1. juni 1964 i to delar, A og B, som så kunne setjast saman seinare for å få den rette lengda dei trong for filmen. Men regissøren Richard Lester valde seinare den meir livlege «Can't Buy Me Love». Då Walter Shenson gav ut filmen på ny i 1981, nytta han «I'll Cry Instead» i opninga som ei hyllest til Lennon.
«I'll Cry Instead» vart av Cynthia Lennon skildra som eit rop om hjelp, og sa «Han syner frustrasjonen som John Lennon kjende på den tida. Han var eit idol for millionar av folk, men fridomen og moroa frå dei tidlege dagane var borte.» John Lennon sa seinare at linja «A chip on my shoulder that's bigger than my feet» var ei nøyaktig skildring av korleis han kjende det på den tida.
«I'll Cry Instead» er ein countrysong, ein sjanger The Beatles, og særskild Ringo Starr, likte å spele.
Den fulle versjonen (2:09) kom ut på filmusikkalbumet A Hard Day's Night. Denne same versjonen kom òg ut på singel i USA og monoversjonen kom ut på Capitol-albumet Something New. Denne versjonen kom òg ut på The Capitol Albums, Volume 1.
Ei kortare utgåve (1:49, utan det tredje verset) kom ut i Storbritannia på Parlophone si utgåve av A Hard Day's Night, ein britisk EP kalla Extracts from the Album A Hard Day's Night og på Capitol si stereoutgåve av Something New.
«I'll Cry Instead» nådde 25. plassen på Billboard Hot 100, og låg sju veker inne på lista.
Liste (1964) | Plassering |
---|---|
US Billboard Hot 100 | 25 |
US Cash Box Top 100 | 22 |
This article uses material from the Wikipedia Nynorsk article I'll Cry Instead, which is released under the Creative Commons Attribution-ShareAlike 3.0 license ("CC BY-SA 3.0"); additional terms may apply (view authors). Teksten er tilgjengeleg under CC BY-SA 4.0 om ikkje anna er oppgjeve. Images, videos and audio are available under their respective licenses.
®Wikipedia is a registered trademark of the Wiki Foundation, Inc. Wiki Nynorsk (DUHOCTRUNGQUOC.VN) is an independent company and has no affiliation with Wiki Foundation.