I'm A Loser

«I'm a Loser» er ein song av The Beatles, opphavleg gjeven ut på Beatles for Sale i Storbritannia, og seinare på Beatles '65 i USA.

I'm a Loser
Song av The Beatles
frå albumet Beatles for Sale
Utgjeve 4. desember 1964
Innspelt 14. august 1964
Sjanger Folkrock, country
Lengd 2:30
Selskap EMI, Parlophone, Capitol
Komponist John Lennon, Paul McCartney
Tekstforfattar John Lennon, Paul McCartney
Låtskrivar(ar) Lennon–McCartney
Produsent George Martin

Han vart skriven av John Lennon (men tilskriven Lennon–McCartney), og vart rekna som ei A-side fram til Lennon skreiv «I Feel Fine».

I følgje musikkskribenten Richie Unterberger fortel teksten ei soge om ei romantisk avvising, men er òg ein av dei første Beatles-songane som «ser utover kjærleiken», som «det hyklerske ved å ta på seg eit lukkeleg andlet når verda rundt det fell saman».

Komposisjon

I 1980 sa Lennon at songen var «meg i Dylan-tida mi». Country og Bob Dylan danna grunnlaget for songen. Unterberger sa songen var «kjend for å vere kanskje den første Beatles-songen som var direkte inspirert av Dylan, og dermed nærma visesong og rock seg før folkrocken eksploderte året etter.» Musikkforskaren Alan Pollack sa at songen hadde «ei kraftigare blanding av viseelement enn noko Beatles hadde laga til då».

Innspeling og utgjeving

The Beatles spelte inn songen den 14. august 1964, same dag som «Mr. Moonlight» og «Leave My Kitten Alone». Songen vart spelt inn på åtte forsøk.

Songen kom ut fire månader seinare, men før det vart han send på BBC Radio den 17. november, i lag med tre andre songar frå Beatles for Sale og «I Feel Fine»/«She's a Woman»-singelen.

Han vart òg framført før han kom ut 4. desember 1964.

Medverkande

    Personell ifølgje Ian MacDonald

Andre versjonar

Marianne Faithfull spelte inn songen i 1965 på debutalbumet. Vince Guaraldi spelte inn songen på Live at El Matador i 1966 med Bola Sete. Dennis Tufano og Carl Giammarese spelte denne songen på albumet Tufano & Giammarese tidleg i 1970-åra. I 2004 spelte The Punkles ein versjon av songen på albumet Pistol. Sum 41 og Eels har framført songen på konsertane sine, og sistnemnde gav han ut på Sixteen Tons (Ten Songs). Doug Kershaw spelte inn songen i 1977 på albumet hans Flip, Flop, and Fly. The Buckinghams spelte inn songen i 1997 på albumet deira Places in Five.

Kjelder

Bakgrunnsstoff

I'm A Loser  Wikifrasar har ei sitatsamling som gjeld: I'm a Loser
  • Mal:Notes on

Tags:

I'm A Loser KomposisjonI'm A Loser Innspeling og utgjevingI'm A Loser MedverkandeI'm A Loser Andre versjonarI'm A Loser KjelderI'm A Loser BakgrunnsstoffI'm A LoserBeatles for SaleI Feel FineJohn LennonLennon–McCartneyThe Beatles

🔥 Trending searches on Wiki Nynorsk:

Tradisjonell brytingPeriferieininga KárpathosKéa-KýthnosOrRonja RøverdatterJoseph HaydnOslo kommuneKárpathos-KásosEiffeltårnetSnipefamilienHjalmar ChristensenNordsamiskProfessor emeritusLunner IdrettslagLill LindforsGunnhild SundliPer SpelmannDet italienske flaggetGåsAl KooperBuskerud fylkeHeberty Fernandes de AndradeGirringun nasjonalpark1440Anniken HuitfeldtVestlandetMonogamiTredjegradslikningMunthehusetBallinciagaLerkStorsnøstjerneØrsta kommuneInuittisk kulturMontanaNoregsmeisterskapen i fotball for menn 1974RoundaboutSérifosLeitch MassifRichard GrovHákarlC++OperativsystemRadiataBodø kommuneAmorgósFuktAarne ErviBarack ObamaEric WeissbergOperasjonaliseringMílosJulmustTom Waits-løpetCat People (Putting Out Fire)MuflonRagnhild BrochmannKelly ClarksonVindaugehandsamarBorgarskapHar SedomLibanonRay ThomasDet indiske kastesystemetTeknologiDekarYtringsfridomNasjonal SamlingTone Damli AabergeKill CitySagaen om IsfolketTokyoSexyDen apostoliske truvedkjenningaHelsingforsNo-dramaMount EverestPaul Haslinger🡆 More