Hoste-øya (spansk: Isla Hoste) er ei chilensk øy og den nest-største av øyane i Eldlandet.
Berre Storøya i Eldlandet er større. Øya har ein rik flora med skogar av sørlege tre. Vestdelen av øya ligg i Alberto de Agostini nasjonalpark. Sørspissen av øya har fått namnet Det falske Kapp Horn.
Isla Hoste | |
---|---|
Hoste-øya. Navarino-øya kan sjåast til høgre. | |
Geografi | |
Stad | Eldlandet |
Koordinatar | 55°15′S 69°0′W / 55.250°S 69.000°W
|
Areal | 4117 km² (1402 moh.) |
Administrasjon | |
Land | Chile |
Region Provins | Región de Magallanes y de Antártica Chilena Antártica Chilena
|
Demografi | |
Folketal | 0
|
Øya har truleg vore ein buplass for Yaghan-folket før dei kvite kom. Chilenarane forsøkte å busetja seg på øya og avla kveg, men måtte gje opp. Nokre få yaghan-familiar budde på øya fram til utpå 1900-talet.
I 1978 brukte Chile øya som stasjon for krigsskip i Operation Soberanía under Beagle-konflikten. Operasjonen vart ikkje sett i verk. Under folketeljinga i 1992 registrerte ein seks fastbuande her, men det er uvisst om desse faktisk budde her eller på andre øyar i nærleiken. I 2002 registrerte ein ingen.
This article uses material from the Wikipedia Nynorsk article Hoste-øya, which is released under the Creative Commons Attribution-ShareAlike 3.0 license ("CC BY-SA 3.0"); additional terms may apply (view authors). Teksten er tilgjengeleg under CC BY-SA 4.0 om ikkje anna er oppgjeve. Images, videos and audio are available under their respective licenses.
®Wikipedia is a registered trademark of the Wiki Foundation, Inc. Wiki Nynorsk (DUHOCTRUNGQUOC.VN) is an independent company and has no affiliation with Wiki Foundation.