Henrik IV av Frankrike (13.
desember">13. desember 1553–14. mai 1610) var konge av Frankrike frå 1589 til 1610 og konge av Navarra (Henrik III av Navarra) frå 1572 til 1610. Han vart fødd i Pau, og var den første franske kongen frå fyrstehuset Bourbon.
Trass i at han var protestant og leiar for hugenottane, gifta Henrik seg i 1572 med Margareta av Valois, prinsesse Margarete av Frankrike, dotter av Henrik II av Frankrike og Katarina av Medici. I løpet av bryllaupsfesten tok katolikkane livet av mange hugenottar, den såkalla Bartolomeusnatta. Henrik redda sitt eige liv gjennom å gå over til katolisismen.
I 1576 stilte han seg på nytt i spissen for hugenottane sin kamp. Han vart utpeika til tronfylgjar av svogeren, Henrik III av Frankrike, medan han låg og skulle døy. Katolikkane ynskte ikkje å ha ein «kjettarkonge». Etter nokre år med strid, gjekk Henrik i 1593 over til katolisismen igjen, og vart i 1594 krona til konge. Ved overgangen til katolisismen, skal Henrik ha sagt «Paris vaut bien une messe»; 'Paris er vel ei messe verd.
Borgarkrigen tok slutt i 1594, og Henrik kunne gjera inntog i Paris. Katolisismen hadde sigra, men gjennom ediktet i Nantes av 1598 vart hugenottane sikra ei høvesvis trygg stilling i landet.
This article uses material from the Wikipedia Nynorsk article Henrik IV av Frankrike, which is released under the Creative Commons Attribution-ShareAlike 3.0 license ("CC BY-SA 3.0"); additional terms may apply (view authors). Teksten er tilgjengeleg under CC BY-SA 4.0 om ikkje anna er oppgjeve. Images, videos and audio are available under their respective licenses.
®Wikipedia is a registered trademark of the Wiki Foundation, Inc. Wiki Nynorsk (DUHOCTRUNGQUOC.VN) is an independent company and has no affiliation with Wiki Foundation.