Havbotnen er den delen av jordoverflata som er dekt av hav.
Havbotnområda dekkjer kring 361 mill. km² eller 70,8 % av det samla arealet til jordoverflata. Gjennomsnittsdjupna til havbotnen er kring 3800 meter.
Havbotnen kan delast inn i fleire topografiske provinsar:
Langs dei vulkanske midthavsryggane vert det stadig danna ny basaltisk havbotnskorpe, som glir utover til begge sider i ein prosess kalla platetektonikk. Havbotnskorpa vert med tida dekt av eit tynt lag med lause sediment. Terrigen sediment er sand, slam og liknande, ført ut i havet frå kystområde med elvar, straumar og is. Biogene sediment er avsett av havorganismar, som for ein stor del er planktoniske og som har skal av kalk eller kiselsyre (silisiumdioksid, SiO2). Kjemisk utfelte sediment er danna av kjemiske reaksjonar i vatnet og mellom vatnet og bergartane i havbotnskorpa.
Dei viktigaste økonomiske interessene har hittil lege i førekomstane av petroleum i kontinentalsokkelen.
Mineralressursane i djuphavet har vore kjend i lang tid, og mellom anna vart manganknollar eller nodular funne av den britiske Challenger-ekspedisjonen alt i 1872–1876. Det var derimot først i tida etter 1960 at underøkinga av djuphavet og ressurane her vart intensivert. Ein har funne ut at sedimenta på djuphavet kan innehelde store konsentrasjonar av sambindingar som er rike på fleire grunnstoff, som jern, mangan, sink, kopar og fosfor. Utnyttinga av mineralførekomstane på havbotnen lar seg realisere teknisk, men eigedomsforholda er derimot enno uklåre.
This article uses material from the Wikipedia Nynorsk article Havbotn, which is released under the Creative Commons Attribution-ShareAlike 3.0 license ("CC BY-SA 3.0"); additional terms may apply (view authors). Teksten er tilgjengeleg under CC BY-SA 4.0 om ikkje anna er oppgjeve. Images, videos and audio are available under their respective licenses.
®Wikipedia is a registered trademark of the Wiki Foundation, Inc. Wiki Nynorsk (DUHOCTRUNGQUOC.VN) is an independent company and has no affiliation with Wiki Foundation.