Harald Gram: Norsk politikar

Harald Gram (18.

september">18. september 18877. juni 1961) var ein norsk jurist og politikar frå Oslo. Han var generalsekretær i Høgre og seinare stortingsrepresentant for partiet. Politikaren Gregers Gram (1846–1929) var far hans, motstandsmannen Gregers Gram sonen hans.

Harald Gram
Harald Gram: Norsk politikar
Fødd18. september 1887
Oslo
Død7. juni 1961 (73 år)
Statsborgar avNoreg
PartiHøgre
Yrkepolitikar, jurist, offentleg tenestemann
FarGregers Winther Wulfsberg Gram
BarnGregers Gram
Alle verv

Liv og gjerning

Gram studerte juss ved Det Kongelige Frederiks Universitet i heimbyen. Frå 1914 til 1936 var han generalsekretær i partiet Høgre. I tida frå 1928 til sat på stortinget som representant for Akershus og Høgre. Dei to fyrste valperiodane var han medlem i utanriks- og konstitusjonskomiteen, i den siste i kommunalkomiteen. Gram trekte seg frå politikken i 1936, då han fekk stillinga som byfut i Oslo.

Under andre verdenskrigen kom Gram tidleg med motstandskampen. I 1941 leia han ein aksjon som førte til at 22 foreiningar protesterte overfor Reichskommissariatet ettersom medlemskap i Nasjonal samling vart prioritert framom faglege kvalifikasjonar ved tilsetjingar. Etter kvart vart han ein sentral person i motstandsorganisasjonen 2A.

I 1942 bad eksilregjeringa i London han om å ta seg over til Stockholm for å leie arbeidet med å koordinere og finansiere motstanden. Arbeidet gjekk føre seg ved det såkalla Idrettskontoret (seinare Sambandskontoret) ved Den norske legasjonen. I posisjonen som øvste sjef fram til 1945 tok han ei aktivistisk linje som kom i konflikt med regjeringa sin politikk – mellom anna ved at han også finansierte aksjonar utført av den kommunistiske motstandsrørsla.

Etter krigen heldt Gram fram som byfuti Oslo fram til 1957. Han vart utnemnd til riddar av St. Olavs Orden og kommandør av Dannebrogordenen.

Kjelder

Stortingsbiografi Arkivert 2017-12-09 ved Wayback Machine.

Tags:

18. september188719617. juniGregers GramHøgreOslo

🔥 Trending searches on Wiki Nynorsk:

Michael JacksonStatens kartverkSanta Cruz de TenerifeSilvia av SverigeLudvig XVI av FrankrikeWenche MyhreDomnístaLen i SverigeWayne KramerAitikgruvaTinghaug i KleppTimo VornanenMaria Kjos Fonn10. maiJordskorpeplateViotíaBerlinblokadenPolyhistorLionel MessiMalakoff RockfestivalSunde i SunnhordlandSamleieUnicornJomfru MariaCornelis VreeswijkHarald EiaIrsk folkemusikkOSI-modellenAnimeVietnamPandaKjerringa med stavenSiderKolonialhandelKjøttmeisNord-KoreaMexicoKalsiumkloridGråsisikKlebersteinWayback MachineThe CrungeRundeURLUS-dollarSang til BergenDen sahrawiske arabiske demokratiske republikkenGullHydrogenBuddhismenTrøndelag fylkeHandball-NM 1996/MennAnusHappy HumanVerktøyet filSøppelSamosaGolden Gate BridgeBook of KellsAasmund NordstogaNorsk ytre språkhistorieDorídaDet indiske kastesystemetIndiaRefraksjonKými-AlivériElvar i RusslandJesusMauringWales🡆 More