Hans Henrik Holm (18.
januar">18. januar 1896–27. september 1980) var ein norsk lyrikar frå Oslo, mest kjend for eit lyrisk «folkeepos» skrive i eit arkaisk språk med røter i gamalt telemarks- og setesdalsmål.
Hans Henrik Holm | |
Statsborgarskap | Noreg |
Fødd | 18. januar 1896 Oslo |
Død | 27. september 1980 (84 år) |
Yrke | skribent, lyrikar |
Ektefelle | Frøydis Haavardsholm, Agnes Houg |
Hans Henrik Holm på Commons |
Sjå upp yver heimegrendi
det blenkjer av ljos i aust.
Gud gåvar med eld oss menni
frå høglendet sæleraust.
Hovudverket, folkeeposet som utkom 1933-1971 i sju band, er bygd over mytologisk og folkloristisk stoff. Holm var omstridd heilt frå han debuterte som diktar. Det arkaiske språket er vanskeleg å lese utan stød i ordforklaringar. Likevel fann Holm etterkvart eit lesande publikum. Bokmeldaren Olav Dalgard i Dag og Tid fann det arkaiske språket moderne: «Den gongen skulle alt vere så dagklårt og tydelig i alle måtar. No verkar dei mange framandslege glosene diktaren har henta fram or ordbøker og gamle målføre, og blenkt opp att som symbol for gamle truer og «mytisk tenkesett», langt meir moderne i samsvar med dagens krav på eit nytt suggestivt formspråk i lyrikken».
Mange reagerte òg på dei høge måla han sette for diktinga si.
Holm vart utnemnd til statsstipendiat i 1957, og han hadde kunstnarløn frå 1961.
Folkeminne-vítingi vert berre ei skåp-skjíping mot ands-tøtet i allheimen. Men eit bokverk som tek blålyse og stjørne-blík or myte-verdi vil allstødt gjøyme noko løynd-ljòde att i halvskuggen.Eit fjetrande dåm-spel åt ei kommande ætt. Under kvorvi tids-ånd murrar kjøvd svarm-trong. Stunding mot ei grofrék erve-kjømd vil truleg minne seg att.
Etter at Hans Henrik Holm døydde, vart diktarstova hans demontert frå leilegheita han hadde i Karl Johans gate 23 i Oslo og flytta til Setesdalsmuseet på Rysstad.
Bøkene er illustrerte med originaltresnitt av Niclas Gulbrandsen, Inggard Rosseland og Hans Gerhard Sørensen, prenta frå treplater beinvegs i bøkene,
This article uses material from the Wikipedia Nynorsk article Hans Henrik Holm, which is released under the Creative Commons Attribution-ShareAlike 3.0 license ("CC BY-SA 3.0"); additional terms may apply (view authors). Teksten er tilgjengeleg under CC BY-SA 4.0 om ikkje anna er oppgjeve. Images, videos and audio are available under their respective licenses.
®Wikipedia is a registered trademark of the Wiki Foundation, Inc. Wiki Nynorsk (DUHOCTRUNGQUOC.VN) is an independent company and has no affiliation with Wiki Foundation.