Dag og Tid er ei nynorsk vekeavis.
Utgjevarstaden er Oslo med adresse Pilestredet 8.
Dag og Tid | |||
Land | Noreg | ||
---|---|---|---|
Type | Dagsavis | ||
Format | Tabloid | ||
Grunnlagd | 1962 | ||
Språk | nynorsk | ||
Hovudkvarter | Oslo | ||
Nettstad | www.dagogtid.no |
Avisa kom med fyrste prøvenummer i 1962, med den kjende NRK-profilen Arthur Klæbo som redaktør. Det skulle gå så lenge som seks år før avisa klarte å etablere stabil drift med vekentlege ugjevingar. Det skjedde frå 1968. Dag og Tid hadde eit oppsving kring striden med EF. På siste halvdel av 1970-talet kom avisa med to nummer i veka.
Dag og Tid er politisk sjølvstendig, men med ein klår motstraums og målpolitisk profil. Ho legg vekt på stoff om kultur og politikk, og gjer plass for innlegg og artiklar som dekkjer eit breidt spekter av samfunnsoppfatningar. Eigarskapet er spreidd på rundt 1200 aksjonærar.
Kjende namn i Dag og Tid opp gjennom historia har mellom anna vore Herbjørn Sørebø, Ivar Eskeland, Per Øyvind Heradstveit, Daniel Liseth, Olav Rytter, Kristin Fridtun, Jon Hustad og Agnes Ravatn.
Bekrefta netto opplagstal frå Mediebedriftenes Landsforening:
|
| |
This article uses material from the Wikipedia Nynorsk article Dag og Tid, which is released under the Creative Commons Attribution-ShareAlike 3.0 license ("CC BY-SA 3.0"); additional terms may apply (view authors). Teksten er tilgjengeleg under CC BY-SA 4.0 om ikkje anna er oppgjeve. Images, videos and audio are available under their respective licenses.
®Wikipedia is a registered trademark of the Wiki Foundation, Inc. Wiki Nynorsk (DUHOCTRUNGQUOC.VN) is an independent company and has no affiliation with Wiki Foundation.