Hans Baldung, kalla Grien eller Grün (1484–1545) var ein tysk målar, koparstikkar og tresnittsteiknar under renessansen.
Han er særleg kjend for ei altartavle i Freiburg im Breisgau.
Hans Baldung | |
Statsborgarskap | Tyskland |
Fødd | 1. januar 1484 Schwäbisch Gmünd |
Død | september 1545 (61 år) |
Yrke | kunstmålar, illustratør, gravør, grafikar, grafisk designar, glassmålar, bokkunstner, bygningstegner |
Språk | tysk |
Hans Baldung på Commons |
Hans Baldung var fødd i Schwäbisch Gmünd. Han gjekk truleg i lære hos ein målarmeister i Strasbourg, før han i 1503 flytta til Nürnberg og fekk Albrecht Dürer til læremeister. Dei to målarane var sidan gode vener. Etter eit oppdrag i Halle an der Saale, der Baldung dekorerte katedralen i byen, kom han 1509 tilbake til Strasbourg.
Same året, 1509, fekk han borgarrett i Strasbourg. Mellom 1512 og -15 var Baldung sysselsett med høgaltaret til kyrkja i Freiburg im Breisgau. Denne altartavla, kalla Kroninga av jomfru Maria, vert rekna for hovudverket hans. Etter åra i Freiburg reiste han til Strasbourg att, der han til og med vart medlem av storrådet i byen.
Baldung laga ei rekke bilete over allegoriske og religiøse motiv. Mellom anna måla han fleire bilete der døden var tema. Kristi fødsel og Dei tre gratiene er mellom desse. Han laga også fleire bilete av hekser. Elles designa han glasmåleri.
Måleria til Dürer, kanskje særleg dei framifrå portretta, var Baldungs viktigaste inspirasjonskjelde. Han støtta reformasjonen.
This article uses material from the Wikipedia Nynorsk article Hans Baldung, which is released under the Creative Commons Attribution-ShareAlike 3.0 license ("CC BY-SA 3.0"); additional terms may apply (view authors). Teksten er tilgjengeleg under CC BY-SA 4.0 om ikkje anna er oppgjeve. Images, videos and audio are available under their respective licenses.
®Wikipedia is a registered trademark of the Wiki Foundation, Inc. Wiki Nynorsk (DUHOCTRUNGQUOC.VN) is an independent company and has no affiliation with Wiki Foundation.