Hans er ei tysk kortform av det greske namnet «Johannes», eit namn med opphav i det hebraiske namnet «Joḥanan», som tyder ‘Gud er nådig’.
Hans har naturleg nok namnedag på sankthansdagen, eller jonsok, den 24. juni.
Ei spesiell side ved namnet Hans er at det i Noreg oftast er nytta som innleiing til eit dobbeltnamn: Medan nær 24 400 i dag har Hans som første førenamn, er det berre 4150 som har Hans som einaste førenamn.
Namnet har vore i bruk i Noreg sidan 1300-talet.
|
|
This article uses material from the Wikipedia Nynorsk article Hans, which is released under the Creative Commons Attribution-ShareAlike 3.0 license ("CC BY-SA 3.0"); additional terms may apply (view authors). Teksten er tilgjengeleg under CC BY-SA 4.0 om ikkje anna er oppgjeve. Images, videos and audio are available under their respective licenses.
®Wikipedia is a registered trademark of the Wiki Foundation, Inc. Wiki Nynorsk (DUHOCTRUNGQUOC.VN) is an independent company and has no affiliation with Wiki Foundation.