Hamar Domprosti

60°47′47″N 11°4′5″E / 60.79639°N 11.06806°E / 60.79639; 11.06806

Hamar Domprosti
Hamar Domkyrkje

Hamar domprosti er eit tenestedistrikt i Hamar bispedømme i Den norske kyrkja. Det femner kommunane Hamar, Løten og Stange i Hedmark (Innlandet fylke). Sidan prostiet er knytt til Hamar domkyrkje, er prostiet leia av ein domprost.

Historie

Prostiet vart skipa i 1864 i samband med at Hamar bispedøme vart gjenoppretta. Namnet var då Hamar stiftsprosti og prostiet bestod av Vang prestegjeld. Området var skilt ut frå Hedemarken prosti. Namnet vart endra frå stiftsprosti til domprosti i 1922.

Tidslinje

  • 1864 - Oppretta som Hamar stiftsprosti, bestod av Vang prestegjeld
  • 1908 - Dei nyoppretta Hamar prestegjeld og Furnes prestegjeld vart del av prostiet
  • 1922 - Namnet vart endra til Hamar Domprosti
  • 1972 - Hedmark prosti vart lagt ned og prestegjelda Nes, Ringsaker, Brøttum, Veldre, Løten, Romedal og Stange vart innlemma i Hamar Domprosti.
  • 1987 - Stange prestegjeld vert delt, Ottestad sokn vert skilt ut som Ottestad prestegjeld.
  • 2007 - Ringsaker prosti vart oppretta og sokna i Ringsaker vart overført frå Hamar Domprosti til det nye prostiet.

Sokn

Prostiet er inndelt i sokn. Soknet er grunneininga i Den norske kyrkja. Dei som arbeider i kyrkja er anten tilsette av soknet gjennom kyrkjeleg fellesråd, eller dei er tilsette i prostiet. Dei fleste prestane er tilsette i prostiet, og har tenesta si knytt til eitt eller fleire sokn.

Sokn Kyrkje(r) Kyrkjeleg fellesråd
Hamar Domkyrkje sokn Hamar Domkyrkje
Storhamar kyrkje
Hamar
Løten sokn Løten kyrkje Løten
Ottestad sokn Ottestad kyrkje Stange
Romedal sokn Romedal kyrkje Stange
Stange sokn Stange kyrkje Stange
Tangen sokn Tangen kyrkje på Hedmarken
Strandlykkja kapell
Stange
Vallset sokn Vallset kyrkje Stange
Vang sokn i Hamar Vang kyrkje på Hedmarken
Øvre Vang kyrkje
Hamar

Prestegjeld

Prestetenesta var tidlegare leia lokalt gjennom prestegjeld. Ordninga vart fasa ut frå 2004. Før utfasinga hadde Hamar Domprosti desse prestegjelda:

  • Stange prestegjeld med
    • Stange sokn
    • Tangen sokn
  • Ottestad prestegjeld med
    • Ottestad sokn
  • Romedal prestegjeld med
    • Romedal sokn
    • Vallset sokn
  • Løten prestegjeld med
    • Løten sokn
  • Nes prestegjeld på Hedmarken med
    • Nes sokn på Hedmarken
  • Furnes prestegjeld med
    • Furnes sokn
  • Veldre prestegjeld med
    • Veldre sokn
    • Brumunddal sokn
  • Ringsaker prestegjeld med
    • Ringsaker sokn
    • Åsmarka sokn
  • Brøttum prestegjeld med
    • Brøttum sokn

Sjå òg

Referansar

Bakgrunnsstoff

Tags:

Hamar Domprosti HistorieHamar Domprosti SoknHamar Domprosti PrestegjeldHamar Domprosti Sjå ògHamar Domprosti ReferansarHamar Domprosti BakgrunnsstoffHamar Domprosti

🔥 Trending searches on Wiki Nynorsk:

Molde kommuneMatt McGinnFin GnattDigital object identifierAlaskaMoskva oblastBarentshavetAlbumet Money for NothingTrikktrakkArturo VidalMatKolibriGåsHongkongUHinduismenHavreHåkon Sigurdsson JarlPetter NorthugNord-DakotaRoald ØyenVassfjelletNintendo 3DSKirunaNormandieAmanda DelaraVerdISBNHákarlSjtipMusikkgruppa BlondieMellom-AmerikaÅrhusDen romerske republikkenBjørnstjerne BjørnsonSérresGallo pintoDet greske alfabetetNr.91 StomperudRadka ToneffMuleselKyivPetter Dass-monumentetKnut Marius DjupvikKokosøyaAkupunkturIt Doesn't Matter AnymorePet Sounds1795Det norske alfabetetBeltegrader i judoWings at the Speed of SoundDet britiske imperietGranadaElgantilope1993TsjekkiaKrokketPredatorDet britiske kongehusetBrahmaputraByPred da se razdeniStrynefjelletIda FladenKristian VI av Danmark-NoregSang til BergenWater of LoveJulebukkPhil PalmerOs kommune i HordalandEgil ØstenstadDen julianske kalenderenAnders HovdenMuhammed9. oktoberBjørnøya🡆 More