Hærens Befalsskole

Hærens befalsskole (HBS) er ei utdanningsavdeling som utdannar underoffiserar, underlagt Krigsskolen.

Skulen tilbyr fleire ulike faglinjer fordelt på ulike kompani: operativ linje ved kompani A, gjennomgåande linje ved kompani B og dei resterande utdanningane ved kompani C. Alle utdanningane, utanom gjennomgåande linje, er toårig der ein først gjennomfører ei grunnleggjande befalsutdanning på eitt år, før ein fullfører pliktåret som sersjant ved ei passande avdeling. Skulen blei underlagt Krigsskolen 1. august 2013.

Hærens befalsskole
Hærens Befalsskole
LandHærens Befalsskole Noreg
Aktiv1993–no
GreinHærens Befalsskole Hæren
TypeHærens Befalsskole Bataljon
Rolle
Storleik400 befalselevar
Del avHærens Befalsskole Krigsskolen
Garnison/HKØsterdalen garnison
KallenamnHBS

Soldatane ved avdelinga bruker Hærens fjellgrå standardberet.

Historie

Hærens befalsskole er ei samanslåing av nedlagde befalsskular. Tidlegare hadde Hæren befalsskular for ulike våpenartar. Etter den andre verdskrigen, hausten 1946, vart befalsskulen for infanteriet reetablert ved Vatneleiren i Sandnes. Det året vart om lag 140 elevar teke opp.

Organisering

Hærens Befalsskole 
Hærens befalsskole er administrativt underlagt Krigsskolen.

Hærens befalsskole er organisert som ein infanteribataljon med eigen stab, og er delt inn i tre kompani forlagt ved ulike leirar:

Bataljonsstab

Rena leir husar bataljonsstaben som leiar og administerer skulen. Oberstløytnant Atle Molde er sjef for Hærens befalsskole.

Kompani Alfa

Hærens Befalsskole 

Kp. A er eit infanterikompani som har ansvaret for operativ linje ved HBS. Kompaniet utdannar operativt befal til bataljonane i Hæren. Befalselevane gjennomgår 8 måneders infanteriutdanning i Rena leir, før ein fagperiode tek til. Under fagperioden kan befalsskoleelevane fordjupa seg innan kavaleri, artilleri, sanitet, ingeniør, samband eller tren. Nokre av linjene er på Sessvollmoen leir og Jørstadmoen leir. Kompaniet består av om lag 140 soldatar.

Kompani Bravo

Hærens Befalsskole 

Krigsskolens gjennomgåande linje held til på Rena. Kompaniet består av to tropper: ein tropp med befalskuleelevar og ein med kadettar. Befalskuleelevar ved Kp. B er soldatar som har vore verva i ei avdeling over to år; desse kan gjennomføra denne linja for å bli sersjant. Kadettane i kompaniet gjennomfører grunnleggjande befalsutdanning på Rena, før dei vert overført til Krigsskolen på Linderud for å starta på den treårige offisersutdanninga.

Kompani Charlie

Hærens Befalsskole 

Ved Sessvollmoen leir ligg det største kompaniet med om lag 200 befalskoleelevar. Kp. C utdannar befal til alle avdelingane til Hæren, også Forsvarets logistikkorganisasjon (FLO). Dei driv utdanning innan mekanikk, forvaltning, teknisk materiellforsyning og ammunisjonsforvaltning. Utdanninga vekslar mellom både infanteriteneste og fagspesifikk utdanning med to vekers periode. Kompaniet har desse linjene:

      • Teknisk;
      • Administrasjon, ledelse og forvaltning;
      • Operativ ammunisjonsforsyning og sprengning

Kjelder

Tags:

Hærens Befalsskole HistorieHærens Befalsskole OrganiseringHærens Befalsskole KjelderHærens BefalsskoleKrigsskolenSersjant

🔥 Trending searches on Wiki Nynorsk:

OrientråkeHeaven for EveryoneKristian Fredrik av NoregChristian RingnesTsjekkiaByAkslaLondonDen julianske kalenderenGranadaUndergrunnsbanen i LondonKaptein SabeltannBjarte TjøstheimMauritaniaAnarkokapitalismeBergen kommuneInnsjøar i SverigeSerra da EstrelaThérmiKon-Tiki-ekspedisjonenSpanskDelaware Art MuseumBlyantkvessarRörstrands PorslinsfabrikSaint Andrew Parish på JamaicaPeter HolmMarit BjørgenCountryNasjonaldyrVériaChristianiaAgatha ChristieKnut Marius DjupvikElg i solnedgang29. juniMedianZazaiskMartine LundeGotlandAnother One Bites the DustSaudi-ArabiaRød snøTartanMelodi Grand Prix 1985ÆrfuglEncores av Dire StraitsIngrid Syrstad EngenDjengis khanSlogenWayback MachineMarianegropaSpaniaKolibriarWiki CommonsSionismeLiv Grete SkjelbreidSt. PetersburgKrýa Vrýsi i PéllaEvolusjonTerry WilliamsHeine T. BakkeidNoregAlexander von HumboldtNorrøntLandsting i SverigeEurovision Song Contest 1985OrTidslinje over norsk historieLeningrad oblastLa BambaURLCristiano RonaldoLydopptakGreatest Hits 1982–19891521App StorePhil Palmer🡆 More