Kavaleri

Kavaleri (frå fransk cavalerie, av latin caballus, hest) er ei militær ryttaravdeling.

I nyare tid blir nemninga også brukt om stridsvognavdelingar. Føremonene til kavaleriet framfor infanteriet er at dei forflyttar seg raskare og at dei kan frakte meir utstyr med seg.

Kavaleri
Russisk kavaleri går til åtak under slaget ved Friedland i 1807.

Historie

Oldtida

Kavaleri 
Kavaleriet stormar over elva Granicus under slaget ved Granicus mellom Makedonia og Persarriket. August Petrtyl (1909).

Krigføring til hest skjedde allereie i oldtida. Indoeeuropearane si hærtaking av Vesleasia og Europa skuldast truleg bruk av dresserte hestar, som tidlegare hadde vore ukjend i desse områda. Kavaleri var vanleg i store mengder hjå austlege folkeslag som skytarane og persarane. I den persiske yrkesarmeen fanst det hesteryttarar væpna med pil og boge, som kjempa i spreidd formasjon. I antikkens Hellas finn ein kavaleri først etter persarkrigane, og då særleg i dei nordlege områda. Eksersis i taktiske forband og slutta former finn først stad i det makedonske kavaleriet under Alexander den Store. Desse var utstyrte med kastespyd, men stridde primært i nærkamp. Det var også makedonarane som først skilde mellom lett og tungt kavaleri. Grekarane og romarane hadde eit avgrensa kavaleri, grunna manglande hestebestand; Derfor blei dei brukt til oppklaring, flankeåtak og forfølging, og avgjorde gjerne slag, som til dømes ved slaget i Cannae år 216 f.kr.

Frå folkevandringstida og fram til første verdskrigen

Kavaleri 
Ein polsk husaroffiser måla av Józef Brandt (1841–1915).

I folkevandringstida blei Europa innteke av asiatiske ryttarskarar. Gjennom heile mellomalderen var panserkledde, lansevæpna ryttarar målestokk for militærets styrke og det avgjerande våpenet. Mange riddarar var endåtil så tungt utrusta at dei kunne få vanskar på mjuk grunn. Innføringa av krutet i Europa gjorde at kavaleriet fekk lettare væpning, men blei underlegen fotavdelingar. Samstundes blei også adelsriddaren gradvis erstatta av verva yrkessoldatar. Ved slaget ved Pavia tapte kavaleriet for første gong overfor landsknektane sine hakebørsar. Under trettiårskrigen var kavaleriet utstyrt med handskytevåpen og blankvåpen, og blei alt etter våpenutstyr kalla lansenarar, kyrasearar, arkebusarar eller dragonar. I kamp gjekk dei til åtak i slutta orden. Under felttoga til både Fredrik II av Preussen og Napoléon Bonaparte sytte kavaleriet for avgjerande sigrar. Sistnemnde brukte kavaleriet mykje til speiding ved å sende kavaleriet i forkant av felttoget, og kasta gjerne store mengder kavaleriavdelingar inn i striden når utfallet var usikkert, som til dømes i Slaget ved Borodino og Slaget ved Waterloo.

Ein skilde mellom slagkavaleri, som var tungt kavaleri som gjekk til åtak på hesteryggen, og lett kavaleri, som dragonar og husarar, som først og fremst var oppklaringskavaleri, som også kunne kjempe til fots. Denne skilnaden heldt seg fram til 1800-talet. Under den fransk-prøyssiske krigen i 1870-1871 utførte ein framleis kavaleriåtak med resultat. Kavaleriet spela også ein viktig rolle i ein del slag under den amerikanske borgarkrigen, som til dømes under slaget ved Chancellorsville. Med tida blei likevel kavaleriet i større grad brukt til oppgåver som oppklaring og tilsløring. Samstundes blei ein del kavalerieiningar integrert i infanteriavdelingar i regiment eller skvadronar. Her blei dei brukt til rekognosering og raske overfallsåtak.

1900-talet

Kavaleri 
Tysk Panzer VI-stridsvogn går til åtak under slaget ved Kursk, det største panserslaget i historia

I byrjinga av første verdskrigen opptredde kavaleri til hest, men den tiltakande stillingskrigen tvinga dei til å kjempe til fots. I løpet av denne krigen blei stridsvogner tekne i bruk for første gong, og i løpet av mellomkrigstida blei det tradisjonelle ryttarkavaleriet i stort monn erstatta av panser- og mekaniserte avdelingar. Kavaleriet blei brukt til både oppklaring, sikring, åtak og infanteristøtte. Desse nye avdelingane gjorde mobile operasjonar moglege under andre verdskrigen, som til dømes den tyske Blitzkrieg-doktrinen. Sidan har moderne krigføring blitt stadig meir mobil, og under Vietnamkrigen byrja USA med avdelingar som forflytta seg og kjempa ved hjelp av helikopter, såkalla luftkavaleri. I etterkant har militæret i fleire land byrja med luftkavaleri, jamvel om desse har vist seg å vere sårbare og har visse avgrensingar.

Kjelder

«kavaleri» i Store norske leksikon, snl.no. Kavaleri  Denne artikkelen inneheld utdrag frå Nordisk familjebok, eit svensk leksikon gjeve ut mellom 1904 og 1926 som i dag er offentleg eigedom. «Kavalleri».

Fotnotar

Bakgrunnsstoff

Kavaleri  Commons har multimedium som gjeld: Kavaleri

Tags:

Kavaleri HistorieKavaleri KjelderKavaleri BakgrunnsstoffKavaleriHestInfanteriStridsvogn

🔥 Trending searches on Wiki Nynorsk:

Elg i solnedgangNaturismeHound DogSkogfinnarCupvinnarcupfinalen i fotball 1969Sylvi ListhaugAlpin tundraNykøbing MorsStorspoveZítsaUigurarAdilsIca-regionenFA-cupfinalen i fotball 2001Dickey BettsEinar LundeGro Harlem BrundtlandDen gamle verdaPuddelrockLerkElse Kåss FurusethOljefeltHovudsideTromsøMP3Linn UllmannEnduroNikita KhrusjtsjovPilaffSjøroseISBNAndreas RombergKamferSudokuGåsTeltHilkka RiihivuoriFiskBloggArnøy kyrkjeGustav ValsvikPetter HugstedDag HammarskjöldManuela Di CentaJean-Claude JunckerMayo ClinicMaloumaKristian ØdegårdOuverture i fransk stilOnaniSavoykålNorske passasjerar ombord på RMS «Titanic»Ivar Lo-JohanssonDer ingen skulle tru at nokon kunne buSpesifikk varmekapasitetAksel SandemoseNile RodgersPápingoOlivettiMånefestKinesiskFever av Little Willie JohnBrigit1998 Titius293 BrasiliaVictoria av StorbritanniaDanmarkHavørnAdei AdCupvinnarcupfinalen i fotball 1979HörbranzKronografMahatma GandhiErik Andersen🡆 More