Guayanaskjoldet (spansk el Escudo Guayanés) er eit to milliardar år gammalt prekambrisk grunnfjellsskjold, eit av dei eldste på jorda.
Det ligg i nordaustre Sør-Amerika som strekkjer seg frå Colombia i vest til nordre Brasil i aust og dannar ein del av den nordlege kysten av Sør-Amerika.
Høglandet i Guyanas dekkjer det meste av Guyana, Surinam og Fransk Guyana og delar av Colombia, Venezuela og Brasil.
På skjoldet finst platåfjell (tepuis). Det høgste er Roraima, 2 810 moh. Dessutan finst fjellet Pico da Neblina heilt i utkanten på 2 994 moh. Her finst fleire spektakulære fossar som Angelfossen (980 meter), Kukenanfossen (600 m) og Keiateurfossen (250 m).
Høglandet er dekt av dei største urørte regnskogsområda i verda og vert skydd av fleire store nasjonalparkar. Guayanaskjoldet har svært høg biodiversitet og mange endemiske arta. Det finst over 3000 virveldyrarta: 1168 ferskvassfisk, 269 amfibiar (54 % endemiske), 295 reptil (29 %), 1004 fuglar (7,7 %) og 282 pattedyr (11 %). Virvellause dyr er dårleg dokumenterte, men det finst fleire endemiske sommarfuglar og gjødselbiller. Dt er registrert 13 367 artar av karplantar, rundt 40 % er rekna som endemiske.
This article uses material from the Wikipedia Nynorsk article Guayanaskjoldet, which is released under the Creative Commons Attribution-ShareAlike 3.0 license ("CC BY-SA 3.0"); additional terms may apply (view authors). Teksten er tilgjengeleg under CC BY-SA 4.0 om ikkje anna er oppgjeve. Images, videos and audio are available under their respective licenses.
®Wikipedia is a registered trademark of the Wiki Foundation, Inc. Wiki Nynorsk (DUHOCTRUNGQUOC.VN) is an independent company and has no affiliation with Wiki Foundation.