Gresk astronomi er astronomi skriven på gresk i antikken.
Gresk astronomi er forstått som astronomi i det gamle Hellas, hellenistisk og greskromersk tid og seinantikken. Han er ikkje avgrensa geografisk til Hellas eller etniske grekarar, sidan gresk vart eit vitskapsspråk gjennom den hellenistiske verda etter erobringane til Aleksander den store. Denne fasen i gresk astronomi vert òg kalla hellenistisk astronomi, medan den før-hellenistiske fasen vert kalla klassisk gresk astronomi. I hellenistisk og romersk tid studerte mange av dei greske og ikkje-greske astronomane ved Musaeum og Biblioteket i Alexandria i Egypt.
Utviklinga innan astronomi av greske og hellenistiske astronomar vert av historikarar rekna som ein viktig fase i astronomihistoria. Gresk astronomi er frå starten karakterisert av å finne rasjonelle, fysiske forklaringar på himmelfenomen. Dei fleste stjernebileta på den nordlege himmelhalvkula kjem frå gresk astronomi, og det same er namna på mange stjerner, asteroidar og planetar. Den greske astronomien var påverka av egyptisk og særleg babylonsk astronomi. Seinare påverka han sjølv indisk, arabisk-islamsk og vesteuropeisk astronomi.
This article uses material from the Wikipedia Nynorsk article Gresk astronomi, which is released under the Creative Commons Attribution-ShareAlike 3.0 license ("CC BY-SA 3.0"); additional terms may apply (view authors). Teksten er tilgjengeleg under CC BY-SA 4.0 om ikkje anna er oppgjeve. Images, videos and audio are available under their respective licenses.
®Wikipedia is a registered trademark of the Wiki Foundation, Inc. Wiki Nynorsk (DUHOCTRUNGQUOC.VN) is an independent company and has no affiliation with Wiki Foundation.