Georg IV av Storbritannia (12.
august">12. august 1762–26. juni 1830) var britisk konge frå 1820 til 1830 og prinsregent frå 1811 til 1820.
Georg IV | |||
Georg IV (1821) av Thomas Lawrence | |||
Konge av Storbritannia og Hannover | |||
Regjeringstid | 1820–1830 | ||
---|---|---|---|
Fødd | 12. august 1762 | ||
Fødestad | St. James's Palace | ||
Død | 26. juni 1830 (67 år) | ||
Dødsstad | Windsor Castle | ||
Gravstad | St. George's Chapel | ||
Føregangar | Georg III | ||
Etterfølgjar | Vilhelm IV | ||
Gift med | Maria Anne Fitzherbert Caroline av Braunschweig | ||
Dynasti | Fyrstehuset Hannover | ||
Far | Georg III | ||
Mor | Charlotte av Mecklenburg-Strelitz | ||
Born | Charlotte Augusta |
Georg IV (engelsk namn George Augustus Frederick, tysk Georg IV. August Friedrich) var medlem av det tyske fyrstehuset Hannover. Han var Georg III sin eldste son og styrte som prinsregent medan faren var sjuk. I 1820 blei Georg IV blei konge av det sameinte kongeriket Storbritannia og Irland og fyrste av Hannover.
Han gifta seg med enkja Maria Anne Fitzherbert, i desember 1785. Ettersom ho var katolikk vart ekteskapet ikkje godkjend etter lova. I 1795 gifta han seg opp att med syskenbarnet Caroline av Braunschweig. Dei likte ikkje kvarandre og levde åtskild med nokre få dagar som unnatak. Dei fekk trass i dette dottera Charlotte Augusta av Storbritannia i 1796. Dottera døydde i 1817, og George IV stod utan arvingar. Caroline vart stengd ute frå kroninga i 1820, noko som vart sett på som ei stor skandale.
Georg var i kontakt med Maria Fitzherbert livet ut, sjølv om dei var frå kvarandre i periodar. Han hadde også fleire elskarinner, mellom anna Mary Robinson, ein kjend skodespelar, Grace Elliott, ei skotsk sosietetskvinne, grevinne Frances Villiers av Jersey, og seinare i livet markise Isabella Ingram-Seymour-Conway av Hertford og markise Elizabeth Conyngham, som begge var gifte.
Georg IV døydde utan arvingar i 1830. Han vart etterfylgd av den yngre broren Vilhelm (engelsk William).
Under store delar av regjeringstida si hadde kong Georg IV Robert Jenkinson, 2. jarl av Liverpool, som statsminister. Utan at kongen bidrog mykje herska han over Storbritannia då landet sigra i Napoleonskrigane, forhandla fram fred og måtte hanskast med den sosiale og økonomiske uroa etterpå. Han blei nøydd til å godta George Canning som utanriks- og seinare statsminister, og måtte gå med på ein såkalla Catholic Emancipation, det vil seie at mange restriksjonar mot britiske katolikkar blei oppheva.
This article uses material from the Wikipedia Nynorsk article Georg IV av Storbritannia, which is released under the Creative Commons Attribution-ShareAlike 3.0 license ("CC BY-SA 3.0"); additional terms may apply (view authors). Teksten er tilgjengeleg under CC BY-SA 4.0 om ikkje anna er oppgjeve. Images, videos and audio are available under their respective licenses.
®Wikipedia is a registered trademark of the Wiki Foundation, Inc. Wiki Nynorsk (DUHOCTRUNGQUOC.VN) is an independent company and has no affiliation with Wiki Foundation.