Følehorn

Følehorn eller antenner er, hjå leddyr og nærskylde organismar, eit sett føleorgan som sit framme på hovudet.

Ein tenkjer seg, ut frå mellom anna larveutvikling og genetikk, at dei er utvikla frå eit sett primitive gang- eller symjebein. Krepsdyr har to par følehorn, medan insekt og mangefotingar har eitt par.

Følehorn
Følehorn på møllen Aspitates gilvaria.
Følehorn
Ulike slags følehorn hjå insekt. Teksten på biletet kan avvika noko frå norske omgrep.

Insekt

Følehorna til insekta består av tre grunnleggjande delar: stilken (scapus) og pedicelen dannar protopoda, og ein «pisk» (flagellum eller postpedicel) dannar telopoda. Dette er dei same namna som vert nytta om dei vanlege lemmane til leddyr. Protopoda er alltid inst mot hovudet og fungerer som skaft for resten av antenna. «Pisken» består oftast av fleire ledd, og kan variera enormt i form. Sjå elles bilete for eit inntrykk av variasjonen som finst.

Flygande insekt har i liten grad musklar inne i telopoda si, og kontrollerer ho heller med muskelgrupper som veks ved piskerota. Andre grupper seksfotingar har som regel i større grad fullt ut muskuløse følehorn, bortsett frå proturane som har fått dei reduserte til rester.

Følehorn 
Hummar (Panulirus interruptus) med store følehorn.

Krepsdyr

Krepsdyr har to par følehorn. Det første paret vert kalla antennuler og er uniramt, det vil seie einskildståande, medan det andre paret vert kalla antenner og er biramt (dei delar seg i to like etter antennerota). For det meste er desse følehorna sanseorgan, men på naupliuslarvestadiet vert dei òg nytta til å symje og ta til seg føde med.

Kjelder

  • Brusca & Brusca: Invertebrates Sinauer Associates 2002

Bakgrunnsstoff

Følehorn  Commons har multimedium som gjeld: Følehorn

Tags:

Følehorn InsektFølehorn KrepsdyrFølehorn KjelderFølehorn BakgrunnsstoffFølehornInsektKrepsdyrLeddyrMangefotingar

🔥 Trending searches on Wiki Nynorsk:

Mayo ClinicFylkesveg 751Marie AntoinetteHøgaste fjell i Noreg etter primærfaktorEritreaAstrid LindgrenGrunnstoffet tinnEtanDet norske alfabetetSki-VM 2019NoregBuOverarmsbeinNato-alfabetetParisHaaretzDanmarkKorrespondentNederlandIranLangnebbparakittPeter BoszBrødskiveDas KapitalTønsberg kommuneBuddhistiske høgtiderOmanbuktaKolEnrico CarusoListe over primtalBlåmannSixteen TonsDet første krosstogetPlatonSør-PílioAbugida2019HovudsideKvitveisMartha SkrettebergVoss heradSpekkhoggarEventyrStortinget T-banestasjonBrunPåhengsmotor1. divisjon fotball for mennVossamålPanterChristianiaGlimmerOslo kommuneGhanaNasjonaldyrTidslinje over norsk historieOsloNasjonaldraktDet internasjonale fonetiske alfabetetGjærKalambákaPakistanVerktøyet filKlanenMidsommarEselSionistSjølvstendeSunnmøreMiddelhavetDet franske koloniriket🡆 More